Suldal kommune Marvik skule

Er du lærar og har lyst på jobb i Suldal, då kan du søkje på jobb her.

Ledig fast stilling som lærar ved Marvik skule

Om stillinga:

2. gongs utlysing

Me har ledig 200% fast stilling som lærar ved Marvik skule frå 01.08.24.

Me søkjer deg med grunnskulekompetanse 1.7. klassse som vil væra med å utvikla eit godt skulemiljø i Suldalsskulane, der teamarbeid, klasseleiing, vurdering for læring og relasjonskompetanse står sentralt.

Arbeidsoppgåver:

Marvik skule er ein fådelt barneskule med 24 elevar.  

I stillinga inngår kontaktlæraransvar.

Kvalifikasjonar:

  • Godkjent undervisninsgkompetanse for grunnskule.
  • Du må vera innstilt på å samarbeida og ha evne til å jobba målretta med undervisning og opplæring.
  • Du må vera fleksibel og positiv.
  • Hå pågangsmot og vera utviklingsorientert.
  • Suldalsskulane nyttar læringsbrett i undervisning og utviklingsarbeid.
  • Du må trivast saman med elevar og føresette.
  • Søknad frå andre utan undervisningskompetanse kan verta vurdert.

 Personlege eigenskapar:

  • Vera positiv og ha god relasjonskompetanse
  • Gode kommunikasjonsevner 
  • Vera ein tydeleg og varm klasseleiar 
  • Vera fagleg bevisst og godt førebudd til undervisning
  • Ha god innsikt i lærarrolla og arbeida målretta
  • Ha vilje til fleksibilitet og vera utviklingsorientert

 Hjå oss i Suldal kommune får du:

  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
  • Engasjerte og dyktige kollegaer
  • Pensjons- og forsikringsordningar etter tariffavtale
  • Bedriftshelseteneste
  • Løns- og tilsetjingsvilkår i samsvar med lov- og avtaleverk
  • Nynorsk som administrasjonsspråk
  • Høve til innmelding i lokalt kunstlag for fast tilsette

Andre opplysningar:

  • Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju
  • Det er krav om godkjend politiattest etter gjeldande lovverk ved tiltrede. Attesten kan ikkje vere eldre enn tre månadar
  • Kontaktinformasjon for stillinga finn du til høgre for annonsa
  • Kommunen følgjer offentlighetslova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlist

Slik søkjer du:

  • Me ber om at du søkjer elektronisk. Sjå her korleis du går fram for å søkje. 
  • Treng du hjelp, kan kontakte kommune på tlf 52 79 22 00.

Velkommen som søkjar!  Me ser fram til å høyra frå deg!

 

 

Del på:

Referansenummer:

24/493

Fylke:

  • Rogaland

Jobbtype:

Fast

Søknadsfrist:

10.05.2024

Tiltreding:

01.08.2024

Arbeidsstad:

Marvik skule

Kontaktpersonar:

Tanja Bergby

mob: +47 41556578

Adresse:

Øygarden 21 4235 Hebnes

Kart: