Suldal kommune Overordna oppvekst

Jobb i Suldal kommune? Me treng deg!

Einingsleiar/rektor Marvik skule

Ledig 100% fast stilling som einingsleiar/rektor ved Marvik skule frå 1. august.

Informasjon om Marvik skule: 

Marvik skule  er ein 1 -7 skule med i overkant av 20 elevar.  Skulen har og SFO. 
Skulen ligg flott til ved sjøen på Marvik, omgitt av flott natur, som blir brukt aktivt i undervisninga.  Det er ein skule med engasjerte og kreative tilsette. Skulen er fådelt og har eit profesjonsfagleg samarbeid med to andre fådelte skular i kommunen. Eit av satsingsområda innanfor skulebasert kompetanseutvikling er å vidareutvikla eit trygt og inkluderande læringsmiljø. 

Me søkjer derfor etter ein rektor som har vilje og evne til å byggja eit godt profesjonsfellesskap og kan samarbeida godt med tilsette, foreldre, elevar, andre skular, skuleeigar og andre kompetansemiljø.

Vidare håpar me at du som ønskjer å søkja denne stillinga  

  • er ein engasjert og inkluderande leiar som vert motivert av å skapa resultat og få til gode løysingar. 
  • er ein leiar som gler seg over medarbeidarar som lukkast, kommuniserer godt og er ein god relasjonsbyggjar.  
  • vil leia ein skule som har som mål å forma elevane til dei beste versjonane av seg sjølv 
  • ønskjer å samarbeida med alle leiarane i oppvekstsektoren "Suldal for barn og unge" som møtest jamleg i eit profesjonelt læringsfellesskap, og for å støtta deg i arbeidet ditt. 

Er dette eigenskapar du har, er Suldal kommune rett stad å vera. 

Ansvar 
Einingsleiar er ansvarleg for den daglege drifta, tilpassing og utvikling av skulen og SFO. 

Me ser no etter deg som er initiativrik og løysingsorientert, med evne til nytenking. Du må vera utviklings- og resultatorientert i arbeid med den pedagogiske verksemda og det pedagogiske personalet. Det vil kunne bli ein mindre undervisningsdel i stillinga eller andre oppgåver knytt administrativt arbeid innan oppvekst (20 prosent).

Kvalifikasjonar 

  • Godkjent lærarutdanning. Dokumentert pedagogisk kompetanse.
  • Tilleggsutdanning innan administrasjon er ønskjeleg.
  • Relevant leiarerfaring er ønskjeleg.
  • Strategisk innsikt og visjonar for skulen sin pedagogiske utvikling.
  • Gode samarbeidsevner, målretta og handlekraftig.
  • Evne til å motivera og inspirera alle medarbeidarane sine.
  • Innsikt i og evne til god økonomistyring.
  • Tilfredsstillande personlege eigenskapar.
  • Søkjarar må disponere eigen bil.

Generelt

  • Suldal kommune kan hjelpa til med å skaffa bustad og gi støtte til bustadutgifter.
  • Den som vert tilsett må leggja fram tilfredstillande politiattest.
  • Løn etter avtale.
  • Rettkjende kopiar av attestar og vitmnemål må takast med til eventuelt intervju.

Søknad sendast

  • Suldal kommune oppfordrar alle våre søkjarar til å søkja på stillinga digitalt.  Klikk på "send søknad" og følg vidare instruksjonar.
  • Søkjarar som ikkje kan søkja via nett, ta kontakt med kommunen tlf. 52 79 22 00.
  • Me ber om at du legg ved attestar og vitnemål i søknaden. Om du ikkje har dei elektronisk kan dei takast med til intervju. 
  • Suldal kommune gjer merksam på at søkjarlistene kan verta offentleggjorde

Velkommen som søkjar!  Me ser fram til å høyra frå deg.

 

Del på:

Referansenummer:

24/589

Fylke:

  • Rogaland

Jobbtype:

Fast

Søknadsfrist:

10.05.2024

Tiltreding:

01.08.2024

Arbeidsstad:

Marvik skule

Kontaktpersonar:

Svein Carlos Nilsen Gjil

mob: +47 99078863

Adresse:

Eidsvegen 7 4230 Sand

Kart: