Suldal kommune Teknisk drift

Brannkonstabel deltid

Har du lyst til å vera med på å redda liv?

Me har tre brannstasjonar i kommunen, Suldalsosen, Sand og Jelsa. Det er ynskjeleg å komme i kontakt med aktuelle kandidatar som kan tenke seg ei deltidstilling innanfor brann og redning.

Stillingsstorleik er 1,73% - 2,19%. Oppstart etter avtale.

Me er på jakt etter kvinner og menn som oppfyller følgjande krav:

  • Bustad og arbeidsstad innan 5 minutt frå aktuell brannstasjon
  • Førarkort klasse B
  • God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • God helse og fysikk. Tilfredsstillande krav som røykdykkar (jf. Arbeidstilsynet sine krav)
  • Godkjent politiattest


Me tilbyr:

  • Meiningsfulle og viktige arbeidsoppgåver i eit positivt arbeidsmiljø.
  • Løn i samsvar med Hovudtariffavtalen og særavtale SFS 2404.
  • Kvinner vert oppfordra til å søkje!
  • Søkjarlistene kan verta offentleggjorte. 

 

Slik søkjer du

  • Me ber om at du søkjer elektronisk. Klikk på «send søknad» og følg vidare instruksjonar.
  • Du kan logge inn via ID-porten, med brukarnamn og passord, via Facebook-profil eller søkje utan å logge inn. Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista.
  • Me ber om at du legg ved attestar og vitnemål i søknaden. Om du ikkje har dei elektronisk kan dei takast med til intervju.
  • Treng du hjelp, kan du venda deg til kommunen på tlf 52 79 22 00

Velkomen som søkjar! Me ser fram til å høyra frå deg.

Har du spørsmål til stillingane så ta kontakt med einingsleiar Tormod Hoftun, mobil 916 02 078.

 

 

Del på:

Referansenummer:

24/1167

Fylke:

  • Rogaland

Jobbtype:

Fast

Søknadsfrist:

31.12.2024

Arbeidsstad:

Sand, Suldalsosen og Jelsa

Kontaktpersonar:

Adresse:

Sandsvegen 122/ Garaneset 38 4230 Sand

Kart: