Brannkonstabel deltid
Har du lyst til å vera med på å redda liv?
Me har tre brannstasjonar i kommunen, Suldalsosen, Sand og Jelsa. Det er ynskjeleg å komme i kontakt med aktuelle kandidatar som kan tenke seg ei deltidstilling innanfor brann og redning.
Stillingsstorleik er 1,73% - 2,19%. Oppstart etter avtale.
Me er på jakt etter kvinner og menn som oppfyller følgjande krav:
- Bustad og arbeidsstad innan 5 minutt frå aktuell brannstasjon
- Førarkort klasse B
- God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne
- God helse og fysikk. Tilfredsstillande krav som røykdykkar (jf. Arbeidstilsynet sine krav)
- Godkjent politiattest
Me tilbyr:
- Meiningsfulle og viktige arbeidsoppgåver i eit positivt arbeidsmiljø.
- Løn i samsvar med Hovudtariffavtalen og særavtale SFS 2404.
- Kvinner vert oppfordra til å søkje!
- Søkjarlistene kan verta offentleggjorte.
Slik søkjer du
- Me ber om at du søkjer elektronisk. Klikk på «send søknad» og følg vidare instruksjonar.
- Du kan logge inn via ID-porten, med brukarnamn og passord, via Facebook-profil eller søkje utan å logge inn. Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista.
- Me ber om at du legg ved attestar og vitnemål i søknaden. Om du ikkje har dei elektronisk kan dei takast med til intervju.
- Treng du hjelp, kan du venda deg til kommunen på tlf 52 79 22 00
Velkomen som søkjar! Me ser fram til å høyra frå deg.
Har du spørsmål til stillingane så ta kontakt med einingsleiar Tormod Hoftun, mobil 916 02 078.
Del på:
Referansenummer:
24/1167
Fylke:
- Rogaland
Jobbtype:
Fast
Søknadsfrist:
31.12.2024
Arbeidsstad:
Sand, Suldalsosen og Jelsa
Kontaktpersonar:
Heimeside:
http://www.suldal.kommune.noAdresse:
Sandsvegen 122/ Garaneset 38 4230 Sand