Er du vår nye medarbeidar?
Ergoterapeut / fysioterapeut
Me har ledig vikariat som ergoterapeut eller fysioterapeut ved Suldal heimetenest avd. tildelingskontoret.
- Stillingsstorleik: 75%
- Stillingstype: Vikariat
- Stilling ledig: f.o.m. 06.01.2025 t.o.m. 15.10.2025
Arbeidsoppgåver
- Ta del i kartlegging, vurdering og søknad om hjelpemidlar.
- Særleg ansvar for hjelpemiddelformidling og kommunalt hjelpemiddellager.
- Ansvar vurdering hjelpetiltak ved nedsatt hørsel-, syn og evne til rørsle.
- Rådgjeving og innbyggjardialog.
- Oppgåver knytt til dagleg drift ved tildelingskontoret.
- Rehabilitering av pasientar i samarbeid med fysio/ergoterapeut avdelinga.
- Samhandling med spesialisthelsetenesta og andre aktørar internt og eksternt.
Krav til kompetanse:
- Helse- og sosialfagleg høgskuleutdanning innan fysioterapi eller ergoterapi.
- Erfaring frå eller interesse for m.a. hjelpemiddelsformidling, støtte til pårørande og anna koordinerande arbeid.
- Erfaring og kompetanse frå kartlegging og sakshandsaming.
- Godt munnleg og skriftleg språk.
- Du må ha førarkort klasse B.
Relevant erfaring, personlege eigenskapar og motivasjon for stillinga vil bli lagt vekt på.
Personlege eigenskapar:
- Fagleg tyngde og høg grad av integritet.
- Strukturert og god til rett prioritering av arbeidsoppgåver.
- Evne til å arbeida sjølvstendig og saman med andre.
- God relasjonskompetanse, lyttande og tilgjengeleg for dei som søkjer tenester og for dei me skal samhandla med.
I Suldal kommune får du:
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.
- Engasjerte og dyktige kollegaer.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar.
- Bedriftshelseteneste.
- Løn- og tilsetjingsvilkår i samsvar med lov- og avtaleverk.
- Nynorsk som administrasjonsspråk.
Andre opplysningar:
- Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju.
- Det er krav om godkjend politiattest etter gjeldande lovverk ved tiltrede. Attesten kan ikkje vere eldre enn tre månadar.
- Kontaktinformasjon for stillinga finn du til høgre for annonsa.
- Kommunen følg offentlighetslova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarliste.
Slik søkjer du
- Me ber om at du søkjer elektronisk. Klikk på «send søknad» og følg vidare instruksjonar.
- Du kan logge inn via ID-porten, med brukarnamn og passord, via Facebook-profil eller søkje utan å logge inn. Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista.
- Me ber om at du legg ved attestar og vitnemål i søknaden. Om du ikkje har dei elektronisk kan dei takast med til intervju.
- Treng du hjelp, kan du venda deg til Servicetorget på tlf 52 79 22 00
Velkomen som søkjar! Me ser fram til å høyra frå deg.
Del på:
Referansenummer:
24/1396
Fylke:
- Rogaland
Jobbtype:
Vikariat
Heiltid/Deltid:
Deltid
Arbeidstid:
Dag
Søknadsfrist:
29.11.2024
Tiltreding:
15.01.2025
Arbeidsstad:
Suldal heimeteneste
Kontaktpersonar:
Heimeside:
https://www.suldal.kommune.no/Adresse:
Bjødnateigvegen 21 4230 SAND