Pleiemedarbeidar/Helsefagarbeidar
Suldal bu- og aktivitet er ei eining som tilbyr tenester til menneske med nedsett funksjonsevne. Hos oss møter du dyktige engasjerte medarbeidarar som har fokus på arbeidsglede og å gi gode tenester.
I eininga har me høg fagkompetanse og mykje hjartevarme, me jobbar aktivt for å gi trygg og aktiv omsorg med fokus på livskvalitet. Du vil få ein unik moglegheit til å vera med på å påverka og vidareutvikla dei gode tenestene me gir. Er du engasjert, jobbar sjølvstendig og i team, likar utfordringar og kjenner ansvar for jobben så er det deg me søkjer.
Om stillinga
Suldal bu- og aktivitet har 3 ledige helgestillingar som pleiemedarbeidar/fagarbeidar.
Du vil bli tilsett som pleiemedarbeidar eller fagarbeidar avhengig av kompetanse.
- Stillingsstorleik: 21 % langvaktar fjerde kvar helg
19,25 % langvaktar fjerde kvar helg
18,43 % kortvaktar tredje kvar helg
- Stillingstype: fast
- Stilling ledig frå etter avtale
Arbeidsoppgåver
- Utøve omsorgsfull og fagleg forsvarleg pleie av tenestemottakar ved Suldal bu- og aktivitet
- Andre oppgåver i tråd med einingas og kommunens behov.
- Stillinga er i turnus
Krav til kompetanse
- Ønskeleg med førarkort klasse B
- Personlege eigenskapar vil bli vektlagt
- Ønskjer deg som er fylt 18 år. Stillinga er opna opp for deg som er under 18 år og går helsefag på vidaregåande skule
Kvalifikasjonar
- Evne til å arbeide for eit godt arbeidsmiljø
- Evne til å takle andre personar sine utfordringar og å møte personar i sårbare situasjonar med tryggleik og respekt
- Gode datakunnskapar
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.
Hjå oss i Suldal kommune får du
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Engasjerte og dyktige kollegaer
- Gode pensjons- og forsikringsordningar igjennom KLP
- Bedriftshelseteneste
- Løn- og tilsetjingsvilkår i samsvar med lov- og avtaleverk
- Nynorsk som administrasjonsspråk
Andre opplysningar:
- Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju
- Det er krav om godkjend politiattest etter gjeldande lovverk ved tiltreding. Attesten kan ikkje vere eldre enn tre månadar
- Kontaktinformasjon for stillinga finn du til høgre for annonsa.
- Kommunen følgjer offentlighetslova § 25 ved eventuell offentlieggjering av søkjarliste
Slik søkjer du
- Me ber om at du søkjer elektronisk. Klikk på «send søknad» og følg vidare instruksjonar.
- Du kan logge inn via ID-porten, med brukarnamn og passord, via Facebook-profil eller søkje utan å logge inn. Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista.
- Me ber om at du legg ved attestar og vitnemål i søknaden. Om du ikkje har dei elektronisk kan dei takast med til intervju.
- Treng du hjelp, kan du kontakte kommunen på tlf 52 79 22 00
Velkomen som søkjar! Me ser fram til å høyra frå deg.
Del på:
Referansenummer:
24/1400
Fylke:
- Rogaland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Deltid
Arbeidstid:
Helg
Søknadsfrist:
03.12.2024
Tiltreding:
16.12.2024
Arbeidsstad:
Suldal bu- og aktivitetstiltak
Kontaktpersonar:
Heimeside:
https://www.suldal.kommune.no/Adresse:
Nedre Dalane 41 4230 SAND