Suldal kommune Introsenteret

Lærarvikar ved Introsenteret i Suldal

Me har behov for lærarvikarar for undervisning i norskopplæring og grunnskulefag i enkelttimar og -dagar ved fråvær.

Om eininga:

Introsenteret i Suldal har ansvar for etablering og kvalifisering for flyktningar og opplæring i norsk, samfunnskunnskap, grunnskuleopplæring for vaksne og spesialundervisning på grunnskulens område. Eininga spelar også ei sentral rolle i det kommunale integreringsarbeidet. 

Om stillinga:

Me søkjer deg med fagleg kompetanse og samarbeidsevner som vil væra med å bidra til eit godt opplæringsmiljø for vaksne der kvalifisering og kompetanseutvikling mot arbeid og utdanning står sentralt. Du vil undervisa i norskopplæring etter Integreringslova og gjeldande læreplan og/eller grunnopplæring etter Opplæringslova og nye modulstrukturerte læreplanar i engelsk, naturfag, samfunnsfag, matematikk og/eller norsk. Omfanget av behovet for vikartimar er usikkert i og med faktorar som er vanskelege å føreseia.

Arbeidsoppgåver:

  • Undervisa i vaksenopplæring i eitt eller fleire av faga norskopplæring, engelsk, naturfag, samfunnsfag, matematikk og norsk.
  • Følgja gjeldande læreplanar og opplegg
  • Føra fråvær
  • Samarbeida med lærarkollegiet og introtenesta om deltakarar
  • Andre aktuelle oppgåver

Kvalifikasjonar:

  • Pedagogisk bakgrunn og/eller erfaring
  • Faglærarutdanning
  • Kunnskap om og erfaring med vaksenpedagogikk og/eller spesialpedagogikk
  • Tilfredsstillande IKT-kompetanse
  • Erfaring med læringsbrett som undervisningsverktøy
  • Fleirkulturell forståing
  • Søkjarar med anna relevant utdanning og erfaring blir vurderte 

Personlege eigenskapar:

  • Du må vera innstilt på å samarbeida og samstundes ha evne til å arbeida sjølvstendig og målretta med undervisning og opplæring
  • Du må vera fleksibel og positiv
  • Du må trivast saman med deltakarar og kollegaar
  • Ha gode kommunikasjonseigenskapar
  • Vera fagleg bevisst og godt førebudd til undervisning 

  I Suldal kommune og på Introsenteret får du:

  •  Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
  •  Engasjerte og dyktige kollegaar
  •  Gode pensjons- og forsikringsordningar
  •  Bedriftshelseteneste
  •  Løn- og tilsetjingsvilkår i samsvar med lov- og avtaleverk
  •  Nynorsk som administrasjonsspråk

Andre opplysningar:

  • Aktuelle søkjarar blir kalla inn til intervju
  • Kandidatar som ikkje kan arbeida 100 % blir også oppmoda til å søkja
  •  Det er krav om godkjend politiattest etter gjeldande lovverk ved tiltrede og denne kan ikkje vera eldre enn tre månadar
  •  Kontaktinformasjon for stillinga finn du til høgre for annonsa
  •  Kommunen følgjer Offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarliste

 

Slik søkjer du:

Me ber om at du søkjer elektronisk. Klikk på «send søknad» og følg vidare instruksjonar.

Du kan logge inn via ID-porten, med brukarnamn og passord, via Facebook-profil eller søkje utan å logge inn. Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista.

Me ber om at du legg ved attestar og vitnemål i søknaden. Om du ikkje har dei elektronisk kan dei takast med til intervju.

 

Velkomen som søkjar! Me ser fram til å høyra frå deg!

 

Del på:

Referansenummer:

24/1431

Fylke:

  • Rogaland

Jobbtype:

Vikariat

Søknadsfrist:

10.01.2025

Arbeidsstad:

Introsenteret

Kontaktpersonar:

Kaspar Nilsen

tlf: +47 922 24 884

mob: +47 922 24 884

Adresse:

Rygjatunvegen 22 4230 Sand

Kart: