På jakt etter ein spennande sommarjobb innan helse og omsorg?
Sommarjobb ved Suldal heimeteneste
Sommarjobb i Suldal kommune
Ved å jobba som sommarvikar i Suldal kommune kan du få spennande erfaring som kan koma godt med seinare i livet.
Me lover å ta godt vare på deg, og vil gjera vårt beste for at sommaren 2025 skal bli fin og lærerik på jobb. Me har gode bonusordningar for sommarjobbar i pleie og omsorg. Du blir invitert til sommarfesten 2025, som er for alle sommarvikarane i Suldal kommune.
Suldal heimeteneste søkjer sommarvikarar i vekene 25-33 (16.06-14.08.2025)
Hos oss kan du jobba i heimesjukepleien eller psykisk helse som pleiemedarbeidar eller miljøarbeidar. Dette vil vere aktuelt for elevar og studentar i alle helse og sosialfag, og deg som er helsefagarbeidar, sjukepleiar eller vernepleiar.
Me ser også etter deg som ønskjer å vere sommarvikar til heimehjelpsoppdrag, og som vil jobba med reinhald i tenestemottakaren sin heim. Som heimehjelp kan du søkje etter første året på vidaregåande, uavhengig av kva linje du har gått.
Arbeidstid:
Arbeid er i turnus med arbeid på dag, kveld, natt og kvar 2. helg. Langvakter på 12,5 timar kan og vera aktuelt.
Hugs å skrive i søknaden kva veker du ønskjer å arbeida.
Kva kan me tilby deg som sommarvikar?
- Me vil gi deg god opplæring og støtta deg undervegs
- Du vil arbeide sjølvstendig og i team
- Faglege og personlege utfordringar
- Me har eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Bonus! Det vart gjeve eit tillegg på 1500 kroner for den fjerde arbeidsveka og deretter 3500 kroner per veke frå den femte veka for ferievikarar i turnusarbeid
Du vil trivast hos oss dersom du:
- Likar teamarbeid der du må løyse utfordringar saman med andre
- Er fleksibel, lojal og påliteleg
- Ønskjer å jobbe innan psykiatrisk eller somatisk heimeteneste med heimesjukepleie, praktisk bistand, miljøarbeid eller dagsenter
Me ser etter
- Deg med erfaring frå liknande arbeid
- Du har gode norsk-kunnskapar skriftleg og munnleg.
- Du har førarkort klasse B
Annan informasjon
- Me vektlegg personlege eigenskapar
- Me føretrekk søkjarar som kan jobba mange veker
- Aktuelle søkjarar blir kalla inn til intervju.
- Det er krav om godkjend politiattest etter gjeldande lovverk ved tiltrede. Attesten kan ikkje vere eldre enn tre månadar
- Kontaktinformasjon for stillinga finn du til høgre for annonsa
- Kommunen følg offentlighetslova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarliste
Slik søkjer du
- Klikk på «send søknad» og følg vidare instruksjonar.
- Du kan logge inn via ID-porten, med brukarnamn og passord, via Facebook-profil eller søkje utan å logge inn. Til meir du fyller ut, til betre blir du sjåande ut på søkjarlista.
- Me ber om at du legg ved attestar og vitnemål i søknaden. Om du ikkje har dei elektronisk kan du ta dei med på intervju
- Treng du hjelp? Då kan du kontakta oss på telefon 52 79 22 00
Del på:
Referansenummer:
25/97
Fylke:
- Rogaland
Jobbtype:
Sesong
Heiltid/Deltid:
Deltid
Arbeidstid:
Skift/turnus
Søknadsfrist:
16.02.2025
Heimeside:
https://www.suldal.kommune.no/Adresse:
Bjødnateigvegen 21 4230 SAND