Suldal kommune Suldal sjukeheim

Me søkjer deg som vil bidra til gode dagar for bebuarane på sjukeheimen

Sommarjobb ved Suldal sjukeheim

 Sommarjobb i Suldal kommune

Ved å jobba som sommarvikar i Suldal kommune kan du få spennande erfaring som kan koma godt med seinare i livet.

Me lover å ta godt vare på deg, og vil gjera vårt beste for at sommaren 2025 skal bli fin og lærerik på jobb. Me har gode bonusordningar for sommarjobbar i pleie og omsorg. Du blir invitert til sommarfesten 2025, som er for alle sommarvikarane i Suldal kommune.

Sommarvikar ved Suldal sjukeheim i perioden veke 25-33 (20.06.-17.08.25)

På jakt etter sommarjobb? Me søkjer flinke folk som kan hjelpe oss når våre tilsette har ferie, i perioden 20.6.-17.8.25. Me treng vikarar på kjøkkenet, vaskeriet og i pleie.  Er du over 18 år eller elev på helsefag på vidaregåande skule kan me tilby deg jobb i pleie. For arbeid på vaskeriet eller kjøkkenet må du vera over 16 år. Me treng deg som er kjøkkenassistent, assistent på vaskeri, kokk, pleiemedarbeidar, miljøarbeidar, elev innan helsefagarbeidarfaget, helsefagarbeidar, sjukepleiarstudent, vernepleiarstudent, sjukepleiar eller vernepleiar.

 Om eininga

 I mai 2025 flyttar me inn i Noregs finaste sjukeheim! Eit høgteknologisk, topp moderne bygg med flotte fasilitetar og god plass. Nye Suldal sjukeheim får 38 plasser fordelt på to avdelingar. Suldal sjukeheim er heimen til innbyggjarane som av ulike orsakar ikkje har helse til å bu i eigen heim lenger. Me har langtidsplassar og korttidsplassar, kommunal akutt døgnpost, og drive avansert sjukepleie og medisinsk behandling. Me driv rehabilitering, avlastning og palliativ omsorg ved livets slutt. Me har eiget kjøkken og vaskeri.

 Korleis kan du lukkast og trivast hos oss?

 Dersom du trivast med høgt tempo, er opptatt av å skape eit trygt og godt bu- og  arbeidsmiljø der tenestemottakarane og dei tilsette opplev trivsel og meistring, vil du trivast og lukkast hjå oss

  Kva kan me tilby som arbeidsplass?

  • Du vil få arbeid med meining der du kan gjere ein forskjell for andre
  • Dyktige og erfarne kollegaer både i leiargruppa og blant medarbeidarane i avdelinga di.
  • Me er opptatt av å vera i stadig utvikling og er stolte av å kalla oss ein LEAN-kommune. Hos oss får du høve til å vera med å skape framtidas Suldal.
  • Me har eit aktivt velferdsutval som fleire gongar i året arrangerer felles aktivitetar og samlingar.
  • Løn i tråd med tariff
  • Bonus! Det vart gjeve eit tillegg på 1500 kr for den fjerde arbeidsveka og deretter 3500 kr per veke per veke frå den femte arbeidsveka for ferievikarar i turnusarbeid.

 Kva gjer ein ferievikar ved Suldal sjukeheim?

  • Pleiemedarbeidarar deltar i stell, pleie, måltid og aktivisering av bebuarane
  • Assistentar på vaskeriet deltar reingjering og handtering av tøy
  • Assistentar på kjøkkenet deltar i matlaging, mellom anna skrelling av grønskar, baking og smørjing av brødmåltid.
  • Fremma eit arbeidsmiljø med fokus på trivsel, samarbeid og meistring.
  • Andre oppgåver i tråd med einingas behov.

 Kven søkjer me?

Me søkjer deg som vil bidra til gode dagar for bebuarane på sjukeheimen

 Me nyttar nynorsk i all skriftleg kommunikasjon i Suldal kommune. Er nynorsken litt rusten? Ikkje la vera å søk! Me hjelp deg med å friske opp kunnskapane.

 Me ser etter

  • Deg som er over 18 år
  • Er du under 18 og likevel ønskjer å jobba hos oss? Søk, då vil me vurdera søknaden din
  • Det er eit fortrinn om du er elev, student eller fedigutdanna innan helsefagleg retning
  • Du har gode norsk-kunnskapar både skriftleg og munnleg
  • Du kan jobbe minst 4 veker

Annan informasjon

  • Aktuelle søkjarar blir kalla inn til intervju.
  • Det er krav om godkjend politiattest etter gjeldande lovverk ved tiltrede. Attesten kan ikkje vere eldre enn tre månadar
  • Kontaktinformasjon for stillinga finn du til høgre for annonsa
  • Kommunen følg offentlighetslova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarliste

Slik søkjer du

  • Klikk på «send søknad» og følg vidare instruksjonar.
  • Du kan logge inn via ID-porten, med brukarnamn og passord, via Facebook-profil eller søkje utan å logge inn. Til meir du fyller ut, til betre blir du sjåande ut på søkjarlista.
  • Me ber om at du legg ved attestar og vitnemål i søknaden. Om du ikkje har dei elektronisk kan du ta dei med på intervju
  • Treng du hjelp? Då kan du kontakta oss på telefon 52 79 22 00

 

 

Del på:

Referansenummer:

25/98

Fylke:

  • Rogaland

Jobbtype:

Sesong

Heiltid/Deltid:

Deltid

Arbeidstid:

Skift/turnus

Søknadsfrist:

16.02.2025

Kontaktpersonar:

Adresse:

Eidsvegen 1 4230 Sand

Kart: