Suldal kommune Helseavdelinga

Er du vår nye ferievikar på legekontoret?

Sommarjobb ved Suldal legekontor

Sommarjobb i Suldal kommune

Ved å jobba som sommarvikar i Suldal kommune kan du få spennande erfaring som kan koma godt med seinare i livet.

Me lover å ta godt vare på deg, og vil gjera vårt beste for at sommaren 2025 skal bli fin og lærerik på jobb. Du blir invitert til sommarfesten 2025, som er for alle sommarvikarane i Suldal kommune.

Suldal legekontor søkjer sommarvikarar

Hos oss kan du jobba minst 4 veker i vekene 26-33 (23.06.25 - 17.08.25)

Me ser etter deg som er student innan sjukepleie, medisin, bioingeniør, og deg som er ferdig helsesekretær eller sjukepleiar. 

Hugs å skrive i søknaden kva veker du ønskjer å arbeida.

Kva kan me tilby deg som sommarvikar?

  • Me vil gi deg god opplæring og støtta deg undervegs
  • Du vil arbeide sjølvstendig og i team
  • Du vil få brei erfaring og kunne jobba med varierte oppgåver som mottak, vurdering av kontakt frå pasientar og pårørande, førefallande kontorarbeid, bistå lege ved behov eller oppgåver i ekspedisjonen vår 

Du vil trivast hos oss dersom du:

  • Likar varierte arbeidsoppgåver
  • Likar teamarbeid der du må løyse utfordringar saman med andre
  • Er serviceinnstilt, lojal og pålitleg

Annan informasjon

  • Du treng gode norsk-kunnskapar, både skriftleg og munnleg
  • Aktuelle søkjarar blir kalla inn til intervju.
  • Kontaktinformasjon for stillinga finn du til høgre for annonsa
  • Kommunen følg offentlighetslova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarliste 

Slik søkjer du

  • Klikk på «send søknad» og følg vidare instruksjonar.
  • Du kan logge inn via ID-porten, med brukarnamn og passord, via Facebook-profil eller søkje utan å logge inn. Til meir du fyller ut, til betre blir du sjåande ut på søkjarlista.
  • Me ber om at du legg ved attestar og vitnemål i søknaden. Om du ikkje har dei elektronisk kan du ta dei med på intervju
  • Treng du hjelp? Då kan du kontakta oss på telefon 52 79 22 00 

Del på:

Referansenummer:

25/100

Fylke:

  • Rogaland

Jobbtype:

Sesong

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

16.02.2025

Kontaktpersonar:

Adresse:

Eidsvegen 3 4230 SAND

Kart: