Sesongarbeidar teknisk drift
Me søkjer deg som er over 18 år, har sertifikat kl B og erfaring frå arbeid med grøntanlegg.
Me ynskjer kandidatar som kan arbeide i perioden mai og ut august, hovudsakleg på grøntanlegg. Andre arbeidsoppgåver innanfor teknisk drift er også aktuelt.
Du vil få ansvar for oppfølging av sommarvikarar i delar av perioden.
Ein må pårekna arbeid over heile kommunen.
Kva kan me tilby deg som sesongarbeidar
Variert arbeid rundt i heile kommunen
Samarbeid med dei andre tilsette på teknisk drift
Du vil trivast hjå oss dersom du
Er glad i å arbeide ute, i allslags vær
Er sjølvstendig og løysingsorientert
Me ser etter
Deg som er over 18 år og har sertifikat kl B
Kan jobbe i perioden mai - august
Har erfaring med grøntarbeid.
Kunne kommunisere og forstå norsk
Slik søkjer du
Me ber om at du søkjer elektronisk. Klikk på «send søknad» og følg vidare instruksjonar.
Du kan logge inn via ID-porten, med brukarnamn og passord, via Facebook-profil eller søkje utan å logge inn. Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista.
Me ber om at du legg ved attestar og vitnemål i søknaden. Om du ikkje har dei elektronisk kan dei takast med til intervju.
Treng du hjelp, kan du venda deg til kommunen på tlf 52 79 22 00
Velkomen som søkjar! Me ser fram til å høyra frå deg.
Del på:
Referansenummer:
25/102
Fylke:
- Rogaland
Jobbtype:
Sesong
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Dag
Søknadsfrist:
16.02.2025
Arbeidsstad:
Teknisk drift
Heimeside:
http://www.suldal.kommune.noAdresse:
Sandsvegen 122/ Garaneset 38 4230 Sand