
Er du vår nye medarbeidar?
Helgestilling/pleiemedarbeidar
Om stillinga
Suldal heimeteneste har fleire ledige stillingar for pleiemedarbeidarar i helgestilling.
Vil du bli med på laget?
- Stillingsstorleik: 13,62 %, 17,25%, 17,61%
- Stillingstype: fast
- Stilling ledig frå: etter avtale
Ved intern tilsetjing / omrokkering kan du få tilbod om andre stillingsstorleikar.
Arbeidsoppgåver
- I heimetenestene vil du få mange varierte arbeidsoppgåver med brukarar i ulik aldrar og med ulike hjelpebehov. Vi hjelper til med blant anna personleg hygiene, tilrettelegging av måltid, medisinhandtering og andre praktiske gjeremål, alt etter kva vedtak kvar brukar har frå Tildelingskontoret.
- Stillinga er i turnus med arbeid kvar 3. helg
Personlege eigenskapar
- Du er ansvarsbevisst, fleksibel og har ønske om å hjelpe andre
- Erfaring frå arbeid innan helse er ein fordel men ikkje eit krav - vi gir deg god opplæring
- Aktuelle søkarar kan være studentar/elevar innan helsefaglege utdanningar, slik som sjukepleie, vernepleie, helsefag. Assistentar/ufaglærte kan likevel også søkje.
Kompetanse
- Sjukepleiarstudentar eller helsefagelevar blir oppmoda til å søkje.
- Du snakkar og kan skrive norsk på ein god måte og er komfortabel med å jobbe både sjølvstendig og i team
- Førarkort kl. B. (vi har bilar med automatgir)
- Personleg eigenskap vil bli vektlagt.
- Det er ikkje krav til utdanning i stillinga
Hos oss i Suldal kommune får du
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Engasjerte og dyktige kollegaer
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Bedriftshelseteneste
- Løn- og tilsetjingsvilkår i samsvar med lov- og avtaleverk
- Nynorsk som administrasjonsspråk
Andre opplysningar:
- Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju
- Det er krav om godkjend politiattest etter gjeldande lovverk ved tiltrede. Attesten kan ikkje vere eldre enn tre månadar
- Kontaktinformasjon for stillinga finn du til høgre for annonsa
- Kommunen følgjer offentlighetslova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlist
Slik søkjer du:
- Me ber om at du søkjer elektronisk. Sjå her korleis du går fram for å søkje.
- Treng du hjelp, kan kontakte kommune på tlf 52 79 22 00.
- Velkommen som søkjar! Me ser fram til å høyra frå deg!
Er du klar? Me treng deg!
Del på:
Fylke:
- Rogaland
Søknadsfrist:
19.03.2025
Tiltreding:
Etter avtale
Kontaktpersonar:
Heimeside:
https://www.suldal.kommune.no/Adresse:
Bjødnateigvegen 21 4230 SAND