Suldal kommune Suldal legekontor

Kreftkoordinator - vikariat

Kreftkoordinator

Kort om stillinga
Me søkjer etter kreftkoordinator med godkjent etterutdanning i eit vikariat f.o.m. 01.07.2025 t.o.m. 28.02.26. Offentleg godkjend sjukepleiarar kan òg bli vurderte. 

Kreftkoordinatoroppgåvar er organisert som en del av eining helse.

Helse består i avdeling legekontor, fysioterapi og helsestasjon. Me har eit framoverlent arbeidsmiljø og jobbar mykje på tvers av einingane. Me kan tilby gode arbeids- og lønsforhold.

Arbeidsoppgåver
Kreftkoordinator støttar helseavdelinga, sjukeheimen og heimetenesta i møte med pasientar og pårørande med særlege behov for lindrande omsorg, og skal være eit tryggande bindeledd. Koordinator vil være tilgjengeleg for pasientar og sikre nødvendig kontakt med sjukehus og andre instansar (t.d. NAV, arbeidsgivarar, psykisk helse). Med fokus på livskvalitet og «Kva er viktig for deg».

Andre oppgåvar i tråd med kommunens behov.

Personlege eigenskapar og kvalifikasjonar

• vera løysingsorientert og strukturert
• ha gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg
• kjennskap til norsk helsevesen
• kjennskap til kommunalt tenestetilbod
• Norsk autorisasjon som sjukepleiar med vidareutdanning i kreftsjukepleie
• ha gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
• evner å arbeida i team og sjølvstendig, samt vera strukturert
• evne å bidra til gode føresetnadar for kompetanseoverføring til andre tilsette i kommunen
• ha gode IKT kunnskap
Personlege eigenskapar vert vektlagt.

Dokumentasjon på utdanning og attestar frå tidlegare arbeidsforhold vert etterspurt ved innkalling til intervju.

Kommunen kan hjelpa til med å skaffa bustad. Suldal kommune har god barnehagedekning.

Velkomen som søkjar! Me ser fram til å høyra frå deg.

Kort om arbeidsgjevar
For å løysa og utvikla oppgåvene til kommunen vår, treng me engasjerte og kompetente medarbeidarar, som opplev at oppgåvene og bidraget deira er meiningsfylte og del av eit viktig samfunnsoppdrag. Suldal kommune er ein lærande organisasjon, og har gode ordningar for kompetanseutvikling og vidareutdanning.

I vår kommune kan du kombinera ein periodevis hektisk jobb med eit kvardagsliv som gir deg rom for å kopla av både i naturen og i det urbane miljø. Suldal har ein spanande og variert natur, med alt frå lune fjordar til høge fjellområde og lokale toppar. Det er framifrå moglegheiter for friluftsliv både sommar og vinter. Samtidig er det gode lokalmiljø og koselege sentrumsområde, og eit særskilt rikt og variert kulturliv.
Vikariatet kan verte forlenga.

Søkjar må ha førarkort klasse B og disponere egen bil.

Suldal kommune gjer merksam på at søkjarlistene kan verta offentleggjorde.

Del på:

Fylke:

  • Rogaland

Søknadsfrist:

15.03.2025

Tiltreding:

01.07.2025

Arbeidsstad:

Suldal legekontor

Kontaktpersonar:

Adresse:

Eidsvegen 3 4230 SAND

Kart: