
Er du vår nye PP-rådgjevar
PP-rådgjevar
Indre Ryfylke PPT har no ledig inntil 150 % fast stilling som PP-rådgjevar.
Om stillinga
Frå og med 01.08.25 har me ledig inntil 150 % fast stilling som pedagogisk psykologisk rådgjevar ved Indre Ryfylke PPT. Stillinga har oppmøtestad i både Suldal og Sauda.
Om oss
Indre Ryfylke PPT er ei interkommunal teneste der Suldal er vertskommune for Sauda. Tenesta har kontor i begge kommunane. PPT har fast nærvær i barnehage og skule for å vera tett på med systemretta samhandling, tidleg innsats og førebyggande arbeid. Me bidreg til kompetanseheving og utvikling i oppvekstsektoren og gir rettleiing til barnehagar og skular på system- og individnivå. Tenesta utarbeider sakkunnig vurdering der lova krev det.
Tenesta arbeider etter strategi for inkluderande fellesskap for barnehage og skule i tråd med Meld St.6 «Tett på- tidleg innsats og inkluderande fellesskap i barnehage, skole og SFO». PP-tenesta i Indre Ryfylke har fokus på at alle barn og unge skal oppleva inkludering og meistring. Me ønsker å vera ei teneste som er tett på barnehagar og skular, og saman med dei skapa eit godt og trygt læringsmiljø for alle.
Suldal og Sauda er BTl-kommunar som inneber betre samhandling mellom tverrfagleg tenester der PPT er ein del av laget rundt barnet. I tillegg er PPT del av Utdanningsdirektoratet sitt kompetanseløft for spesialpedagogikk og inkluderande praksis. I tenesta vert det stilt høge krav om sjølvstendig arbeid og samhandlingskompetanse både internt i eininga og i praksisfeltet.
Kven søkjer me?
- Me søkjer ein person som er fleksibel og løysingsorientert, har pågangsmot og er interessert i å medverka i utviklings- og organisasjonsarbeid i barnehage og skule. Du må trivast med varierte arbeidsoppgåver, lika å samarbeida, og vera ein god relasjonsbyggjar.
- Psykolog, barnehagelærar eller lærar med master eller vidareutdanning innan spesialpedagogikk. Sterk fagleg kompetanse og lang erfaring kan kompensere for manglande utdanning.
Det er og ønskjeleg med erfaring eller kompetanse innan:
- Rettleiingskompetanse
- Fleirspråklegheit
- Erfaring frå systemretta endringsarbeid i skule og barnhage
- Gode kunnskap om spesialpedagogikk i barnehage og skule Rettleiingskompetanse
- Kjennskap til, og erfaring frå barnehage og skule som organisasjon
- Ved tilsetting vert det lagt vekt på den samla kompetansesamansettinga hos Indre Ryfylke PPT
Personlege eigenskapar
- Du er god til å samarbeida men og arbeida sjølvstendig Du er oppteken av å tileigna deg ny kunnskap
- Du er strukturert og kan jobba systematisk
- Du likar å arbeida med varierte oppgåver og har ei fleksibel tilnærming
- Du er ein positiv bidragsytar inn i kollegiet og oppteken av å spela andre gode
- Du er ein god relasjonsbyggar og motivator
- Du er god til å skape rom for dialog
- Personlege eigenskapar vil bli lagt vekt på
Arbeidsoppgåver
- Vera tett på barnehagar og skule med systemretta samhandling, tidleg innsats og førebyggande arbeid.
- Gje rettleiing til skular på system og individnivå
- Bidra til kompetanseheving og organisasjonsutvikling i skulen og barnehagen.
- Sakkunnig arbeid der lova krev det
- Andre oppgåver i tråd med verksemda sine behov
Kva kan me tilby
- Eit godt arbeidsmiljø: Bli ein del av eit støttande og kreativt team med høg fagleg kompetanse. Me har eit aktivt velferdsutval som jobbar for at det skal vera sosialt på jobb. Kvart år arrangerer dei sommarfest på ulike stader i kommunen. Her blir du invitert til eit godt måltid og felles aktivitetar med kollegaer på tvers av arbeidsplassane. Velferdsutvalet inviterer deg også til Kom-i-form-konkurranse, og felles fjellturar i kommunen, der du kan bli premiert om du er aktiv. Innimellom kan du også bli invitert på middag og foredrag
- Konkurransedyktige vilkår: Fleksibel arbeidstidsordning og moglegheit for heimekontor i tråd med retningslinje til kommunen. Me støttar di faglege og personlege vekst med mellom anna fagutvikling kurs, fagdagar, nettverk og gode ordningar for etterutdanning.Sjå: Me kan tilby - Suldal kommune heimeside
- Rekrutteringsbustadar: Moglegheit for å søkje om å leige ein av rekrutteringsbustadane me har i kommunen. Me har rekrutteringsbustadar på Sand, Erfjord, Suldalsosen per no. Sjå på heimesida vår for korleis du søkjer.PP-tenesta har tilgang til bestilling av bil og el-sykkel ved behov.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom KLP.
- Bedriftshelseteneste
- Løn- og tilsetjingsvilkår i samsvar med lov- og avtaleverk
Andre opplysningar
- Du må ha førarkort klasse B
- Stillinga vil fortida ha kontor både i Suldal og Sauda kommune
- Nynorsk som administrasjonsspråk
- Det er krav om godkjend politiattest etter gjeldande lovverk ved tiltreding. Attesten kan ikkje vere eldre enn tre månadar
- Me etterspør dokumentasjon på utdanning og attestar frå tidlegare arbeidsforhold ved innkalling til eit eventuelt intervju.
- Suldal kommune oppfordrar alle våre søkjarar til å søkja på stillinga digitalt.
- Det kan vera behov for bruk av eigen bil, det vert kompensert etter gjeldande lov- og avtaleverk.
- Suldal kommune gjer merksam på at søkjarlistene kan verta offentleggjorde.
Velkomen som søkjar! Me ser fram til å høyra frå deg.
Del på:
Referansenummer:
25/557
Fylke:
- Rogaland
Jobbtype:
Fast
Søknadsfrist:
23.04.2025
Tiltreding:
01.08.2025
Arbeidsstad:
Suldal/Sauda
Kontaktpersonar:
Tore Bastlien Dahl
mob: +47 40418959
Heimeside:
http://www.suldal.kommune.noAdresse:
Eidsvegen 3 4230 Sand