Suldal kommune

Likar du å jobbe med barn ?

Pedagogisk leiar i barnehage

Me treng fleire dyktige pedagogiske leiarar i Suldalsbarnehagane. Er du ein av dei?

Er du på jakt etter dei små og store magiske stundene ilag med borna? Likar du å by på deg sjølv, er motiverande for kollegane dine og oppteken av kvalitet?  Då er det deg me er på leit etter.

Me har fleire ledige vikariat som pedagogisk leiar i Suldalsbarnehagane for barnehageåret 2025/2026. 

Spørsmål om stillingane kan rettast til einigsleiar ved den einskilde barnehage eller rådgjevar for oppvekst Tore Bastlien Dahl mobil 404 18 959.

Er du klar?  Me treng deg!

Sand barnehage:

Konstituert Einingsleiar Kari Steine mobil 958 00 232

Stølane barnehage: 

Einingsleiar Gerd Haugsland Kolstø mobil 976 19 129

Kjølvikstølen barnehage:

Einingsleiar Katarzyna Mysiara, mobil 966 95 566

Arbeidsoppgåver:

  • Leiing og organisering på avdelingsnivå, i samsvar med mål og strategiar.
  • Møtedeltaking.
  • Ansvar for utvikling av barnehagen, fagleg og kvalitativt.
  • Rettleiing av det pedagogiske personalet på avdelinga.
  • Samarbeid med ulike instansar.
  • Ansvar for vurdering og dokumentering.

Kvalifikasjonar

Du er utdanna barnehagelærar/føreskulelærar eller har annan treårig pedagogisk høgskuleutdannig med vidareutdanning innan barnehagepedagogikk.

Personlege eigenskapar

Me søkjer deg som er:

  • Deg - men gir plass til andre slik at dei blir seg.
  • Oppteken av å søkje kunnskap i lag med barn.
  • Bidreg til eit positivt leike- og læringsmiljø.
  • Har ein ekte motivasjon for å arbeide med barn.
  • Tilstadeverande og fagleg interessert.

I tillegg ønskjer me at du har:

  • Eit positivt menneskesyn.
  • Evne til å gi barn omsorg og trygge relasjonar.
  • Evne til å inspirera og motivera kollegane dine.
  • Evne til å jobba målretta og likar å sjå resultat av jobben din.
  • Erfaring frå arbeid i barnehage.
  • Gode norsk kunnskapar både muntleg og skriftleg

Kva kan me tilby 

  • Eit godt arbeidsmiljø: Bli ein del av eit støttande og kreativt team med høg fagleg kompetanse. Me har eit aktivt velferdsutval som jobbar for at det skal vera sosialt på jobb. Kvart år arrangerer dei sommarfest på ulike stader i kommunen. Her blir du invitert til eit godt måltid og felles aktivitetar med kollegaer på tvers av arbeidsplassane. Velferdsutvalet inviterer deg også til Kom-i-form-konkurranse, og felles fjellturar i kommunen, der du kan bli premiert om du er aktiv. Innimellom kan du også bli invitert på middag og foredrag .
  • Rekrutteringsbustadar: Moglegheit for å søkje om å leige ein av rekrutteringsbustadane me har i kommunen. Me har rekrutteringsbustadar på Sand, Erfjord, Suldalsosen per no. Sjå på heimesida vår for korleis du søkjer.   
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom KLP.
  • Bedriftshelseteneste
  • Løn- og tilsetjingsvilkår i samsvar med lov- og avtaleverk
  • Nynorsk som administrasjonsspråk
  • Sjå kva me kan tilby: https://www.suldal.kommune.no/om-kommunen/bu-og-jobb-i-suldal/jobb-hos-oss/me-kan-tilby/

Andre opplysningar:

  • Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju
  • Det er krav om godkjend politiattest etter gjeldande lovverk ved tiltrede. Attesten kan ikkje vere eldre enn tre månadar
  • Kontaktinformasjon for stillinga finn du til høgre for annonsa
  • Kommunen følgjer offentlighetslova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarliste

Slik søkjer du

  • Me ber om at du søkjer elektronisk. Klikk på «send søknad» og følg vidare instruksjonar.
  • Du kan logge inn via ID-porten, med brukarnamn og passord, via Facebook-profil eller søkje utan å logge inn. Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista.
  • Me ber om at du legg ved attestar og vitnemål i søknaden. Om du ikkje har dei elektronisk kan dei takast med til intervju. Treng du hjelp, kan du venda deg til Servicetorget på tlf 52 79 22 00

Velkomen som søkjar! Me ser fram til å høyra frå deg.

 

Del på:

Referansenummer:

25/573

Fylke:

  • Rogaland

Jobbtype:

Vikariat

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

23.04.2025

Adresse:

Eidsvegen 7 4230 Sand

Kart: