
Er du engasjert, likar utfordringar og kjenner ansvar for jobben? Då er det gjerne deg me søkjer!
Helsefagarbeidar
Suldal sjukeheim har ledig to faste helsefagarbeidarstillingar, begge i 75%.
12. mai 2025 flytta me inn i nye flotte og moderne lokaler, der alt ligg til rett for å kunne trivast!
Me kan love deg dyktige og engasjerte kollegaer. Me har høg fagkompetanse og mykje hjartevarme. Me jobbar for å gi trygg og aktiv omsorg med fokus på livskvalitet. Du vil få ein unik moglegheit til å vera med på å påverka og vidareutvikla den nye sjukeheimen.
Suldal kommune har årsturnus.
Om stillinga
- Stillingsstorleik: 2x 75 %
- Stillingstype: fast
- Stilling ledig: frå snarast
Arbeidsoppgåver
- Utøve omsorgsfull og fagleg forsvarleg pleie og behandling av bebuarane ved sjukeheimen
- Stillinga er i turnus, med arbeid 2 av 6 helger.
- Krav til kompetanse
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som helsefagarbeidar
- Personlege eigenskapar vil bli vektlagt
- Evne til å arbeide for eit godt arbeidsmiljø
- Evne til å takle andre personar sine utfordringar og å møte personar i sårbare situasjonar med tryggleik og respekt
- Gode datakunnskapar
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.
Hjå oss i Suldal kommune får du
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Engasjerte og dyktige kollegaer
- Gode pensjons- og forsikringsordningar igjennom KLP
- Bedriftshelseteneste
- Løn- og tilsetjingsvilkår i samsvar med lov- og avtaleverk
- Nynorsk som administrasjonsspråk
Andre opplysningar
- Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju
- Det er krav om godkjend politiattest etter gjeldande lovverk ved tiltreding. Attesten kan ikkje vere eldre enn tre månadar
- Kontaktinformasjon for stillinga finn du til høgre for annonsa.
- Kommunen følgjer offentlighetslova § 25 ved eventuell offentlieggjering av søkjarliste
Slik søkjer du
- Me ber om at du søkjer elektronisk. Klikk på «send søknad» og følg vidare instruksjonar.
- Du kan logge inn via ID-porten, med brukarnamn og passord, via Facebook-profil eller søkje utan å logge inn. Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista.
- Me ber om at du legg ved attestar og vitnemål i søknaden. Om du ikkje har dei elektronisk kan dei takast med til intervju.
- Treng du hjelp, kan du kontakte kommunen på tlf 52 79 22 00
Velkomen som søkjar! Me ser fram til å høyra frå deg.
Del på:
Referansenummer:
25/764
Fylke:
- Rogaland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Deltid
Arbeidstid:
Skift/turnus
Søknadsfrist:
11.06.2025
Arbeidsstad:
Sand
Kontaktpersonar:
Marte Berekvam
mob: +47 97515481
Heimeside:
http://www.suldal.kommune.noAdresse:
Eidsvegen 1 4230 Sand