Suldal kommune Suldal sjukeheim

Er du engasjert, likar utfordringar og kjenner ansvar for jobben? Då er det gjerne deg me søkjer!

Helsefagarbeidar

Suldal sjukeheim har ledig to faste helsefagarbeidarstillingar, begge i 75%.

 

12. mai 2025 flytta me inn i nye flotte og moderne lokaler, der alt ligg til rett for å kunne trivast!

Me kan love deg dyktige og engasjerte kollegaer. Me har høg fagkompetanse og mykje hjartevarme. Me jobbar for å gi trygg og aktiv omsorg med fokus på livskvalitet. Du vil få ein unik moglegheit til å vera med på å påverka og vidareutvikla den nye sjukeheimen.

Suldal kommune har årsturnus.

Om stillinga

  • Stillingsstorleik: 2x 75 %
  • Stillingstype: fast
  • Stilling ledig: frå snarast

Arbeidsoppgåver

  • Utøve omsorgsfull og fagleg forsvarleg pleie og behandling av bebuarane ved sjukeheimen
  • Stillinga er i turnus, med arbeid 2 av 6 helger.
  • Krav til kompetanse

Kvalifikasjonar

  • Autorisasjon som helsefagarbeidar
  • Personlege eigenskapar vil bli vektlagt
  • Evne til å arbeide for eit godt arbeidsmiljø
  • Evne til å takle andre personar sine utfordringar og å møte personar i sårbare situasjonar med tryggleik og respekt
  • Gode datakunnskapar
  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.

Hjå oss i Suldal kommune får du

  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
  • Engasjerte og dyktige kollegaer
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar igjennom KLP
  • Bedriftshelseteneste
  • Løn- og tilsetjingsvilkår i samsvar med lov- og avtaleverk
  • Nynorsk som administrasjonsspråk

Andre opplysningar

  • Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju
  • Det er krav om godkjend politiattest etter gjeldande lovverk ved tiltreding. Attesten kan ikkje vere eldre enn tre månadar
  • Kontaktinformasjon for stillinga finn du til høgre for annonsa.
  • Kommunen følgjer offentlighetslova § 25 ved eventuell offentlieggjering av søkjarliste

Slik søkjer du

  • Me ber om at du søkjer elektronisk. Klikk på «send søknad» og følg vidare instruksjonar.
  • Du kan logge inn via ID-porten, med brukarnamn og passord, via Facebook-profil eller søkje utan å logge inn. Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista.
  • Me ber om at du legg ved attestar og vitnemål i søknaden. Om du ikkje har dei elektronisk kan dei takast med til intervju.
  • Treng du hjelp, kan du kontakte kommunen på tlf 52 79 22 00

Velkomen som søkjar! Me ser fram til å høyra frå deg.

Del på:

Referansenummer:

25/764

Fylke:

  • Rogaland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Deltid

Arbeidstid:

Skift/turnus

Søknadsfrist:

11.06.2025

Arbeidsstad:

Sand

Kontaktpersonar:

Marte Berekvam

mob: +47 97515481

Adresse:

Eidsvegen 1 4230 Sand

Kart: