Suldal kommune Indre ryfylke PPT

Einingsleiar for Indre Ryfylke PPT

Me har ledig 100 prosent vikariat som einingsleiar/leiar for Indre Ryfylke PPT frå 01.08.2025 til 31.08.2026 med mogleg forlenging

Har du leiarerfaring og kompetanse innan oppvekst og spesialpedagogikk? Er du engasjert i utvikling av profesjonsfellesskap og organisasjonsutvikling? Då kan dette vere stillinga for deg!

Om stillinga
PP-tenesta i Sauda og Suldal er eit interkommunalt samarbeid med Suldal som vertskommune. Hovudkontoret ligg på Sand i Suldal, med avdelingskontor i Sauda. Tenesta har tett samarbeid med skular og barnehagar i begge kommunane, som til saman omfattar 9 barnehagar, 9 skular og vaksenopplæringa.

Som einingsleiar vil du ha ansvaret for budsjett, personal, tilsetjing og fagleg utvikling av tenesta, som består av 6,5 årsverk inkludert leiarstillinga. Du vil ha oppmøte på kontor på Sand og Sauda, Sand er hovudkontoret, men du skal vera til stades i Sauda minst ein dag i veka.

Arbeidsoppgåver 

  • Overordna leiing av PP-tenesta i Sauda og Suldal
  • Budsjett- og personalansvar
  • Fagleg ansvar for tilsette
  • Deltaking på oppvekst sine utviklingsmøte i Suldal og Sauda
  • Deltaking på leiarforum, og leiarmøte innan oppvekst i Suldal
  • Deltaking i BTI-arbeid på leiarnivå i begge kommunane
  • Leiing som hovudoppgåve, med noko sakshandsaming

Kvalifikasjonar
Me ser etter ein leiar med:

  • Grunnskulelærar eller barnehagelærar med master, anna type vidareutdanning kan kompensere for master
  • God leiardugleik og samarbeidsevne
  • Høg arbeidskapasitet
  • Erfaring frå oppvekstsektoren og spesialpedagogikk
  • Tidlegare erfaring som leiar
  • Fagleg kompetanse i sakshandsaming

Me tilbyr
PP-tenesta er eit framtidsretta kontor som ønskjer å arbeida smart og effektivt saman med skule og barnehage. Som leiar vil du ha ansvar for utvikling av profesjonsfellesskapet, med fast utviklingstid.

Andre opplysningar

  • Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju
  • Det er krav om godkjend politiattest etter gjeldande lovverk ved tiltreding. Attesten kan ikkje vere eldre enn tre månadar
  • Kontaktinformasjon for stillinga finn du til høgre for annonsa.
  • Kommunen følgjer offentlighetslova § 25 ved eventuell offentlieggjering av søkjarliste

Slik søkjer du

  • Me ber om at du søkjer elektronisk. Klikk på «send søknad» og følg vidare instruksjonar.
  • Du kan logge inn via ID-porten, med brukarnamn og passord, via Facebook-profil eller søkje utan å logge inn. Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista.
  • Me ber om at du legg ved attestar og vitnemål i søknaden. Om du ikkje har dei elektronisk kan dei takast med til intervju.
  • Treng du hjelp, kan du kontakte kommunen på tlf 52 79 22 00

Velkomen som søkjar! Me ser fram til å høyra frå deg.

Del på:

Referansenummer:

25/774

Fylke:

  • Rogaland

Jobbtype:

Vikariat

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Søknadsfrist:

13.06.2025

Tiltreding:

01.08.2025

Arbeidsstad:

Sand/Sauda

Kontaktpersonar:

Svein Carlos Nilsen Gjil

Stilling: Kommunalsjef oppvekst

mob: +47 99078863

Adresse:

Eidsvegen 3 4230 Sand

Kart: