
Vil du vera med og skapa eit inkluderande og aktivt miljø for eldre i Suldal?
Miljørettleiar/miljøarbeidar
Me søkjer deg som er drivande engasjert i å skapa trivsel for eldre, og vil vera med å driva og utvikla vårt aktivitetssenter, samt bli ein del av eit lite og godt team. Me har ledig ei 50 % fast stilling på Suldal frivilligsentral med oppstart etter avtale.
Du skal arbeida på eit godt etablert aktivitetssenter som fungerer som eit fast sosialt treffpunkt der blant anna heimebuande pensjonistar kan nyta eit godt måltid ein dag i veka. Me tilbyr i tillegg ulike arrangement etter ønskje og innspel. Teamet skal utvikla aktivitetane i samarbeid med brukarane, lag og organisasjonar, og andre frivillige. Suldal frivilligsentral er organisert under Kultur, og me strevar etter å justera sine tilbod i takt med den demografiske og sosiale utviklinga i kommunen.
Kven søkjer me?
Dette er ei ny utlysing av stillinga der me opnar opp for alle søkarar. I første runde avgrensa me søkarkretsen til personar med nedsett funksjonsevne eller står utanfor arbeid, utdanning eller opplæring for å opna dørene for personar som har problem med å få jobb når dei konkurrerer på lik linje med ordinære søkjarar. Me fekk me inn mange gode søknadar, men ingen av søkarane oppfyller dei samla krava som låg til grunn for utlysinga.
Kvalifikasjonar
- Minimum treårig høgare utdanning eller fagbrev innan relevante fag
- Erfaring innan liknande arbeidsoppgåver vil bli vektlagt
- Førarkort for bil
- Generelt gode datakunnskapar
- Gode norskkunnskapar
Personlege eigenskapar vil bli vektlagde, og me ynskjer at du er:
- Sosial og glad i folk
- Kommuniserer lett med brukarar og kollegaar
- Kan jobba sjølvstendig men også samarbeida godt med andre
- Har fleksibel innstilling til arbeidsoppgåver
- Har engasjement for faget og brukargruppa
- Empatisk, positiv, fleksibel og løysingsorientert
- Har gode praktiske eigenskapar
Me ønsker at du har minimum B1 i munnleg norsk og A2 i leseforståing, lytteforståing og skriftleg framstilling og det er ein fordel med gode kunnskapar i språk som er representerte i målgruppa, for eksempel ukrainsk/russisk og arabisk.
Me nyttar nynorsk i all skriftleg kommunikasjon i Suldal kommune. Er nynorsken litt rusten? Ikkje la ver å søk! Me hjelper deg med å friske opp kunnskapane.
Kva gjer ein miljørettleiar/-arbeidar på aktivitetssenteret?
- Planlegga og gjennomfører aktivitetar for målgruppa. Dette er blant anna Tysdagstreff og Seniorbading i Suldal Bad. Tidlegare har me hatt seniordans og musikkveldar, enkel dataopplæring og andre arrangement.
- Bidra aktivt i utviklinga av aktivitetstilbod for heimebuande eldre, og bidra inn mot andre målgrupper gjennom Frivilligsentralen.
- Skapar tryggleik, trivsel og eit inkluderande sosialt fellesskap.
- Samarbeida tett saman med frivillige lag og organisasjonar.
- Utfører andre oppgåver i tråd med kommunen sine behov.
Hos oss i Suldal kommune får du:
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Engasjerte og dyktige kollegaer
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Bedriftshelseteneste
- Løn- og tilsetjingsvilkår i samsvar med lov- og avtaleverk
- Nynorsk som administrasjonsspråk
Del på:
Referansenummer:
25/792
Fylke:
- Rogaland
Jobbtype:
Fast
Søknadsfrist:
18.06.2025
Tiltreding:
etter avtale
Arbeidsstad:
Frivilligsentralen
Heimeside:
https://www.suldal.kommune.no/Adresse:
Eidsvegen 7 4230 Sand