Suldal kommune Suldal bu og aktivitet

Faste helgestillingar som helsefagarbeidar/pleiemedarbeidar

Suldal bu- og aktivitet er ei eining som tilbyr tenester til menneske med nedsett funksjonsevne. Hos oss møter du dyktige engasjerte medarbeidarar som har fokus på arbeidsglede og å gi gode tenester.

I eininga har me høg fagkompetanse og mykje hjartevarme, me jobbar  aktivt for å gi trygg og aktiv omsorg med fokus på livskvalitet. Du vil få ein unik moglegheit til å vera med på å påverka og vidareutvikla dei gode tenestene me gir. Er du engasjert, jobbar sjølvstendig og i team,  likar utfordringar og kjenner ansvar for jobben så er det  deg me søkjer.

Om stillinga
Suldal bu- og aktivitet  har fleire faste helgestillingar som helsefagarbeidar/pleiemedarbeidar.

  • Stillingsstorleik: ca. 19 % fjerde kvar helg
  • Stillingsstorleik: ca.18,43 % tredje kvar helg

Stilling ledig frå august/september 

Arbeidsoppgåver

  • Utøve omsorgsfull og fagleg forsvarleg pleie  av tenestemottakar ved Suldal bu- og aktivitet
  • Andre oppgåver i tråd med einingas og kommunens behov.
  • Stillinga er i turnus

Krav til kompetanse

  • Ønskeleg med førarkort klasse B
  • Personlege eigenskapar vil bli vektlagt

Kvalifikasjonar

  • Evne til å arbeide for eit godt arbeidsmiljø
  • Evne til å takle andre personar sine utfordringar og å møte personar i sårbare situasjonar med tryggleik og respekt
  • Gode datakunnskapar
  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.    

Hjå oss i Suldal kommune får du

  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
  • Engasjerte og dyktige kollegaer
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar igjennom KLP
  • Bedriftshelseteneste
  • Løn- og tilsetjingsvilkår i samsvar med lov- og avtaleverk
  • Nynorsk som administrasjonsspråk

Andre opplysningar:

  • Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju
  • Det er krav om godkjend politiattest etter gjeldande lovverk ved tiltreding. Attesten kan ikkje vere eldre enn tre månadar
  • Kontaktinformasjon for stillinga finn du til høgre for annonse.
  • Kommunen følgjer offentlegheitslova § 25 ved eventuell offentleggjering  av søkjarliste

Slik søkjer du

  • Me ber om at du søkjer elektronisk. Klikk på «send søknad» og følg vidare instruksjonar.
  • Du kan logge inn via ID-porten, med brukarnamn og passord, via Facebook-profil eller søkje utan å logge inn. Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista.
  • Me ber om at du legg ved attestar og vitnemål i søknaden. Om du ikkje har dei elektronisk kan dei takast med til intervju.
  • Treng du hjelp, kan du kontakte kommunen på tlf 52 79 22 00

Velkomen som søkjar! Me ser fram til å høyra frå deg.

 

Del på:

Referansenummer:

25/828

Fylke:

  • Rogaland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Deltid

Arbeidstid:

Helg

Søknadsfrist:

13.07.2025

Tiltreding:

August/september

Arbeidsstad:

Sand

Kontaktpersonar:

Adresse:

Nedre Dalane 41 4230 SAND

Kart: