Suldal kommune Teknisk drift

Reinhaldar

Likar du å jobba med reinhald? Er du opptatt av å halda det reint? Er du brennande opptatt av kvalitet?

Me søkjer deg som er ute etter ein spennande arbeidskvardag, er ansvarsfull og likar å jobba med eit fysisk krevjande yrke. Du gjer ting nøye og kvalitet er viktig for deg.  

Me har ledig fast stilling som reinhaldar på Suldal sjukeheim frå og med 11.08.2025.

Reinhaldsavdelinga ligg under Teknisk Drift 
Ved intern omrokkering kan annan stilling og stillingsstorleik bli tilbudt.

Om stillinga:

  • Stillingsstorleik: 80%
  • Stillingstype: Fast
  • Arbeidsstad: Suldal sjukeheim, Sand

Arbeidsoppgåver

  • Arbeidsoppgåver er dagleg og periodisk reinhald med arbeidsstad p.t. på Suldal sjukeheim.
  • Som reinhaldar på sjukeheimen vil du vera del av eit reinhaldsteam som er fordelt på ulike avdelingar på bygget.
  • Arbeidsdagar er måndag – fredag.
  • Arbeidet vert utført på dagtid.

Kvalifikasjonar:

  • Fagbrev som reinhaldsoperatør.
  • Andre kan og søkja men vil då bli tilsett som reinhaldar.
  • Kunna arbeide sjølvstendig og trivast med  å arbeide åleine.
  • Kunna planleggja eigen arbeidsdag, vera løysingsorientert og fleksibel.
  • Evne til å takle ulike utfordringar som andre kan ha
  • Evne til samarbeid med andre yrkesgrupper
  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg

 Hjå oss i Suldal kommune får du:

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar igjennom KLP
  • Bedriftshelseteneste
  • Løn- og tilsetjingsvilkår i samsvar med lov- og avtaleverk
  • Nynorsk som administrasjonsspråk

Andre opplysningar:

  • Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju
  • Det er krav om godkjend politiattest etter gjeldande lovverk ved tiltreding. Attesten kan ikkje vere eldre enn tre månadar
  • Kontaktinformasjon for stillinga finn du til høgre for annonsa.
  • Kommunen følg offentlighetslova § 25 ved eventuell offentlieggjering  av søkjarliste

Slik søkjer du

  • Me ber om at du søkjer elektronisk. Klikk på «send søknad» og følg vidare instruksjonar.
  • Du kan logge inn via ID-porten, med brukarnamn og passord, via Facebook-profil eller søkje utan å logge inn. Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista.
  • Me ber om at du legg ved attestar og vitnemål i søknaden. Om du ikkje har dei elektronisk kan dei takast med til intervju.
  • Treng du hjelp, kan du venda deg til Servicetorget på tlf 52 79 22 00

Velkomen som søkjar! Me ser fram til å høyra frå deg.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Del på:

Referansenummer:

25/858

Fylke:

  • Rogaland

Jobbtype:

Fast

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

04.07.2025

Tiltreding:

11.08.2025

Arbeidsstad:

Sand

Adresse:

Sandsvegen 122/ Garaneset 38 4230 Sand

Kart: