
Fagarbeidar
Me søkjer etter deg som vil vera med på laget vårt. Vinjar skule er ein 1-7.skule med 93 elevar skuleåret 2025/2026. Stillinga følgjer skuleruta med arbeidstid kvar dag.
Om stillinga: Inntil 65 % vikariat
Stillingstype: Mellombels frå og med 01.08.2025 til og med 31.07.2026
Kvalifikasjonar:
- Fagbrev i barne-og ungdomsarbeid
Me søkjer deg som:
- Har ein ekte motivasjon for å arbeida med barn.
- Er fleksibel
- Er deg - men gir plass til andre slik at dei blir seg.
- Oppteken av å søkje kunnskap ilag med barn.
- Bidreg til eit positivt læringsmiljø
- Tilstadeverande.
- Fagleg interessert.
I tillegg ønskjer me at du har:
- Eit positivt menneskesyn.
- Evne til å gi barn omsorg og trygge relasjonar.
- Gode norskkunnskapar.
- Evne til å inspirera og motivera kollegane dine
- Evne til å jobba målretta, og likar å sjå resultat av jobben din.
- Erfaring frå arbeid i barnehage-/ skule
Hos oss i Suldal kommune får du
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Engasjerte og dyktige kollegaer
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Bedriftshelseteneste
- Løn- og tilsetjingsvilkår i samsvar med lov- og avtaleverk
- Nynorsk som administrasjonsspråk
Andre opplysningar:
- Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju
- Det er krav om godkjend politiattest etter gjeldande lovverk ved tiltrede. Attesten kan
- ikkje vere eldreenn tre månadar
- Kontaktinformasjon for stillinga finn du til høgre for annonsa
- Kommunen følgjer offentlighetslova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarliste
Slik søkjer du
- Me ber om at du søkjer elektronisk. Klikk på «send søknad» og følg vidare instruksjonar.
- Du kan logge inn via ID- porten, med brukarnamn og passord, via Facebook- profil eller søkje utan å logge inn. Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista.
- Me ber om at du legg ved attestar og vitnemål i søknaden. Om du ikkje har dei elektronisk
- kan deitakast med til intervju.
Velkomen som søkjar! Me ser fram til å høyra frå deg.
Del på:
Referansenummer:
25/861
Fylke:
- Rogaland
Jobbtype:
Vikariat
Søknadsfrist:
04.07.2025
Tiltreding:
01.08.2025
Arbeidsstad:
Vinjar skule
Kontaktpersonar:
Vibecke Håheim
mob: +47 91316455
Heimeside:
http://https://www.suldal.kommune.no/Adresse:
Suldalsvegen 1505 4237 Suldalsosen