Erfjord skule

Brenn du for barn og fellesskap? Me søkjer barne- og ungdomsarbeidar til team ved Erfjord skule

Barne- og ungdomsarbeidar

Me har ledig 100% stilling som barne- og  ungdomsarbeidar ved Erfjord skule frå 01.08.25 – 31.07.2026, med moglegheit for forlenging. Stillinga er knytt til eitt team kring enkeltbarn. Teamet vil bestå av team-leiar, lærar, miljørettleiar og fagarbeidarar.

Erfjord skule er ein 1. – 7. skule med om lag 80 elevar. Skuleåret 2025 – 2026 består laget vårt av om lag 8 årsverk lærarstillingar, 4 årsverk fagarbeidarstillingar, og 1,3 årsverk leiing.

Arbeidet ditt som barne-og ungdomsarbeidar i teamet vil blant anna innebera:

  • Elevretta arbeid innandørs og utandørs
  • Del- ansvar for utvikling, vurdering, oppfølging og rapportering knytt til fagleg og sosial opplæring. Følge opp overordna vedtak som gjeld arbeidet kring eleven.
  • Samarbeide med teamet og bistå inn mot heim, skuleleiing og støtte-instansar gjennom møteverksemd og rapporteringsarbeid
  • Ta mot rettleiing kring pedagogisk arbeid, og bruke dette i praksis
  • Delta i utviklings- og informasjonsmøter med øvrig kollegie ved behov

Kvalifikasjonar:

  • Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar
  • Det er også eitt føremon om du har kurs  innanfor eitt eller fleire felt som t.d.: førebygging og handtering av atferd, barne- og ungdomspsykiatri, sosial-pedagogikk eller spesialpedagogikk
  • Du er innstilt på å samarbeida
  • Du kan omsetja teoretisk kunnskap i praksis, og tek tak i utfordringar
  • Du kan nytta digitale verktøy

Personlege eigenskapar:

  • Du er god på relasjonsbygging
  • Du er ein trygg og stabil vaksen
  • Du har gode kommunikasjonsevner
  • Du er fleksibel og toler at det blir endringar i oppsette planar
  • Du er tydeleg og varm i møte med barn og vaksne
  • Du har eit positivt menneskesyn

Hjå oss i Suldal kommune får du:

  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
  • Engasjerte og dyktige kollegaer
  • Pensjons- og forsikringsordningar etter tariffavtale
  • Bedriftshelseteneste
  • Løns- og tilsetjingsvilkår i samsvar med lov- og avtaleverk
  • Nynorsk som administrasjonsspråk

Andre opplysningar:

  • Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju
  • Det er krav om godkjend politiattest etter gjeldande lovverk ved oppstart. Attesten kan ikkje vere eldre enn tre månadar
  • Kontaktinformasjon for stillinga finn du til høgre for annonsa
  • Kommunen følgjer offentlegheitslova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarliste

Slik søkjer du:

Me ber om at du søkjer elektronisk. Klikk på «Send søknad» og følg vidare instruksjonar.

Du kan logge inn via ID- porten, med brukarnamn og passord, via Facebook- profil eller søkje utan å logge inn. Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista.

Me ber om at du legg ved attestar og vitnemål i søknaden. Om du ikkje har dei elektronisk kan dei takast med til intervju.

Velkommen som søkjar!  Me ser fram til å høyra frå deg!

Del på:

Referansenummer:

25/913

Fylke:

  • Rogaland

Jobbtype:

Vikariat

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

01.08.2025

Tiltreding:

11.08.2025

Arbeidsstad:

Erfjord skule

Kontaktpersonar:

Aina Vaage

mob: +47 45201277

Anne Marie Gamlem Rabba

mob: +47 45612131

Adresse:

Erfjordvegen 16 4233 Erfjord

Kart: