
Brenn du for barn og fellesskap? Me søkjer lærar til team ved Erfjord skule
Lærar
Me har ledig 50% stilling som lærar ved Erfjord skule frå 01.08.25 – 31.07.2026, med moglegheit for forlenging. Stillinga er knytt til eitt team kring enkeltbarn. Teamet vil bestå av team-leiar, lærar, miljørettleiar og fagarbeidarar.
Erfjord skule er ein 1. – 7. skule med om lag 80 elevar. Skuleåret 2025 – 2026 består laget vårt av om lag 8 årsverk lærarstillingar, 4 årsverk fagarbeidarstillingar, og 1,3 årsverk leiing.
Arbeidet ditt som lærar i teamet vil blant anna innebera:
Elevretta arbeid/opplæring og undervisning for elev innandørs og utandørs
- Ansvar for utvikling, utarbeiding av planar etter vedtak og rapportering knytt til dette
- Ansvar for undervisningsplanlegging, vurdering og dokumentering
- Samarbeid med teamet og bistå inn mot heim, skuleleiing og støtte-instansar gjennom møteverksemd og rapporteringsarbeid
- Rettleiing av barne- og ungdomsarbeidar og andre knytt til den pedagogiske opplæringa
- Delta i utviklings- og informasjonsmøter med øvrig kollegie
Kvalifikasjonar:
- Godkjent undervisningskompetanse for grunnskule 1.-7. trinn med fordjuping i faga norsk og matematikk
- Det er også eitt føremon om du har tilleggsutdanning innanfor eitt eller fleire felt som t.d.: førebygging og handtering av atferd, barne- og ungdomspsykiatri, sosial-pedagogikk eller spesialpedagogikk
- Du er innstilt på å samarbeida og ha evne til å jobba målretta med undervisning og opplæring
- Du kan omsetja teoretisk kunnskap i praksis
- Du må vera fleksibel og positiv
- Du har pågangsmot og er utviklingsorientert
- Du må kunna nytta digitale verktøy i opplæringa
Personlege eigenskapar:
- Du er god på relasjonsbygging
- Du er ein trygg og stabil vaksen
- Du har gode kommunikasjonsevner
- Du er tydeleg og varm i møte med barn og vaksen
- Du er fleksibel og toler at det blir endringar i oppsette planar
- Du er fagleg bevisst og godt førebudd til undervisning
- Du har god innsikt i lærarrolla og arbeidar målretta
- Du er fleksibel og utviklingsorientert
Hjå oss i Suldal kommune får du:
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Engasjerte og dyktige kollegaer
- Pensjons- og forsikringsordningar etter tariffavtale
- Bedriftshelseteneste
- Løns- og tilsetjingsvilkår i samsvar med lov- og avtaleverk
- Nynorsk som administrasjonsspråk
Andre opplysningar:
- Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju
- Det er krav om godkjend politiattest etter gjeldande lovverk ved oppstart. Attesten kan ikkje vere eldre enn tre månadar
- Kontaktinformasjon for stillinga finn du til høgre for annonsa
- Kommunen følgjer offentlegheitslova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarliste
Slik søkjer du:
Me ber om at du søkjer elektronisk. Klikk på «Send søknad» og følg vidare instruksjonar.
Du kan logge inn via ID- porten, med brukarnamn og passord, via Facebook- profil eller søkje utan å logge inn. Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista.
Me ber om at du legg ved attestar og vitnemål i søknaden. Om du ikkje har dei elektronisk kan dei takast med til intervju.
Velkommen som søkjar! Me ser fram til å høyra frå deg!
Del på:
Referansenummer:
25/914
Fylke:
- Rogaland
Jobbtype:
Vikariat
Heiltid/Deltid:
Deltid
Arbeidstid:
Dag
Søknadsfrist:
01.08.2025
Tiltreding:
11.08.2025
Arbeidsstad:
Erfjord skule
Heimeside:
http://https://www.suldal.kommune.no/Adresse:
Erfjordvegen 16 4233 Erfjord