
Er du engasjert, likar utfordringar og kjenner ansvar for jobben? Då er det kanskje du som er vår nye sjukepleiar eller vernepleiar?
Sjukepleiar/ vernepleiar
Suldal sjukeheim har ledig 80 % fast stilling som sjukepleiar eller vernepleiar frå og med 01.10.25.
12.mai 2025 flytta me inn i nye flotte og moderne lokaler, der alt ligg til rette for å kunne trivast!
- Me kan love deg dyktige og engasjerte kollegaer.
- Me har høg fagkompetanse og mykje hjartevarme.
- Me jobbar for å gi trygg og aktiv omsorg med fokus på livskvalitet.
- Me har årsturnus.
- DU vil få ein unik moglegheit til å vera med på å påverka og vidareutvikla den nye sjukeheimen.
Om stillinga
- Stillingsstorleik: 80 %
- Stillingstype: Fast
- Stilling ledig frå: 01.10.2025
Arbeidsoppgåver
- Utøve omsorgsfull og fagleg forsvarleg pleie og behandling av bebuarane ved sjukeheimen
- Stillinga er i turnus, med arbeid kvar 3. helg
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar
- Personlege eigeskapar vil bli vektlagt
- Evne til å arbeide for eit godt arbeidsmiljø
- Evne til å takle andre personar sine utfordringar og å møte personar i sårbare situasjonar med tryggleik og respekt
- Gode datakunnskapar
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
Hjå oss i Suldal kommune får du
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Engasjerte og dyktige kollegaer
- Gode pensjons- og forsikringsordningar igjennom KLP
- Bedriftshelseteneste
- Løn- og tilsetjingsvilkår i samsvar med lov- og avtaleverk
- Nynorsk som administrasjonsspråk
Andre opplysingar
- Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju
- Det er krav om godkjend politiattest etter gjeldande lovverk ved tiltredning. Attesten kan ikkje vere eldre enn tre månadar
- Kontaktinformasjon for stillinga finn du til høgre for annonsa
- Kommunen følgjer offentlighetslova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarliste
Slik søkjer du
- Me ber om at du søkjer elektronisk. Klikk på "send søknad" og følg vidare instruksjonar.
- Du kan logge inn via ID-porten, med brukarnamn og pasord, via Facebook-profil eller søkje utan å logge inn. Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista.
- Me ber om at du legg ved attesar og vitnemål i søknaden. Om du ikkje har dei elektronisk kan dei takast med til intervju.
- Teng du hjelp, kan du kontakte kommunen på tlf. 52 79 22 00
Velkommen som søkjar! Me ser fram til å høyra frå deg.
Del på:
Referansenummer:
25/921
Fylke:
- Rogaland
Jobbtype:
Fast
Arbeidstid:
Skift/turnus
Sektor:
Sjukepleiar
Søknadsfrist:
17.08.2025
Tiltreding:
01.10.2025
Arbeidsstad:
Sand
Kontaktpersonar:
Heimeside:
http://www.suldal.kommune.noAdresse:
Eidsvegen 1 4230 Sand