Suldal kommune Suldal sjukeheim

Lyst til å jobbe som kokk på Noregs finaste sjukeheim? Kom til oss!

Kokk/ arbeidsleiar

Om stillinga

Suldal sjukeheim har ledig 100 % fast stilling som kokk/arbeidsleiar ved kjøkken.
Kjøkkenet vårt produserer mat til sjukeheimen sine avdelingar og til heimebuande. Til saman kokar dei til om lag 60 personar dagleg. Kjøkkenet har drift alle dagar heile året og arbeidar i turnus med arbeid kvar tredje helg. Me har vakter på dagtid og moglegheit for langvakt på helg.

  • Stillingsstorleik: 100 %
  • Stillingstype: Fast
  • Stilling ledig frå: 01.11.2025.

Ved intern omrokkering kan anna stilling bli tilbydd. 

Arbeidsoppgåver

  • Produksjon av alle døgnets måltid til inneliggande pasientar, samt ein del til utbringing
  • Reinhald av kjøkken og utstyr
  • Anna førefallande arbeid, blant det noko utkøyring av mat

Kompetanse

  • Me søkjer deg som er utdanna kokk
  • Det er ein fordel om ein har erfaring frå institusjonskjøkken og leiing

Kvalifikasjonar

  • Evne til å arbeida sjølvstendig og i team
  • Evne til å halda orden og overhalda hygieniske prinsipp
  • Meistrar norsk munnleg og skriftleg

Hos oss i Suldal kommune får du

  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
  • Engasjerte og dyktige kollegaer
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Bedrifthelseteneste
  • Løn- og tilsetjingsvilkår i samsvar med lov- og avtaleverk
  • Nynorsk som administrasjonsspråk

Andre opplysningar

  • Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju
  • Kontaktinformasjon for stillinga finn du til høgre for annonsa
  • Kommunen følgjer offentlighetslova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlist

Slik søkjer du

  • Me ber om at du søkjer elektronisk. Klikk på «send søknad» og følg vidare instruksjonar.
  • Du kan logge inn via ID-porten, med brukarnamn og passord, via Facebook-profil eller søkje utan å logge inn. Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista.
  • Me ber om at du legg ved attestar og vitnemål i søknaden. Om du ikkje har dei elektronisk kan dei takast med til intervju.
Velkommen som søkjar! Me ser fram til å høyra frå deg!

Del på:

Referansenummer:

25/1095

Fylke:

  • Rogaland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Skift/turnus

Søknadsfrist:

29.09.2025

Tiltreding:

01.11.2025

Arbeidsstad:

Sand

Kontaktpersonar:

Adresse:

Eidsvegen 1 4230 Sand

Kart: