
Likar du å jobbe med barn ?
Pedagogisk leiar i barnehage
Me treng fleire dyktige pedagogiske leiarar i Suldalsbarnehagane. Er du ein av dei?
Er du på jakt etter dei små og store magiske stundene ilag med borna? Likar du å by på deg sjølv, er motiverande for kollegane dine og oppteken av kvalitet? Då er det deg me er på leit etter.
Me har nå fleire ledige vikariat som pedagogisk leiar i barnehage.
Ønskje om arbeidsstad må opplysast i søknaden.
Spørsmål om stillingane kan rettast til einigsleiar ved den einskilde barnehage eller rådgjevar for oppvekst Tore Bastlien Dahl mobil 404 18 959.
Er du klar? Me treng deg!
Stølane barnehage:
Einingsleiar Gerd Haugsland Kolstø mobil 976 19 129
- 260% vikariat frå 02.01.2026 til og med 31.07.2026
Kjølvikstølen barnehage:
Einingsleiar Katarzyna Mysiara, mobil 966 95 566
- 100% vikariat frå 25.11.2025 til og med 06.11.2026
Sand barnehage:
Einingsleiar Laila Stødle, mobil 484 97 552
Fagleiar Kari Steine, mobil 958 00 232
- 120% vikariat frå 02.01.2026 til og med 31.07.2026
Arbeidsoppgåver
- Leiing og organisering på avdelingsnivå, i samsvar med mål og strategiar.
- Møtedeltaking.
- Ansvar for utvikling av barnehagen, fagleg og kvalitativt.
- Rettleiing av det pedagogiske personalet på avdelinga.
- Samarbeid med ulike instansar.
- Ansvar for vurdering og dokumentering.
Kvalifikasjonar
Utdanning som barnehagelærar/føreskulelærar eller annan treårig pedagogisk høgskuleutdannig med vidareutdanning innan barnehagepedagogikk.
Personlege eigenskapar
Me søkjer deg som er:
- Deg - men gir plass til andre slik at dei blir seg.
- Oppteken av å søkje kunnskap i lag med barn.
- Bidreg til eit positivt leike- og læringsmiljø.
- Har ein ekte motivasjon for å arbeide med barn.
- Tilstadeverande og fagleg interessert.
I tillegg ønskjer me at du har:
- Eit positivt menneskesyn.
- Evne til å gi barn omsorg og trygge relasjonar.
- Evne til å inspirera og motivera kollegane dine.
- Evne til å jobba målretta og likar å sjå resultat av jobben din.
- Erfaring frå arbeid i barnehage.
- Gode norsk kunnskapar både muntleg og skriftleg
Hos oss i Suldal kommune får du
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Engasjerte og dyktige kollegaer
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Bedriftshelseteneste
- Løn- og tilsetjingsvilkår i samsvar med lov- og avtaleverk
- Nynorsk som administrasjonsspråk
- Me har rekrutteringsbustadar du kan søkje på for å prøvebu i Suldal, https://www.suldal.kommune.no/om-kommunen/bu-og-jobb-i-suldal/provebu-suldal/
Suldal kommune har gode lokale tillegg som pedagogisk leiar i barnehage
Gjeld ikkje dei som er på dispensasjon frå utdanningskravet
- Pedagogisk leiar i barnehage under 10 års ansiennitet: 30 000 kroner
- Pedagogisk leiar i barnehage 10 års ansiennitet: 32 000 kroner
- Pedagogisk leiar i barnehage 16 års ansiennitet: 37 000 kroner
Andre opplysningar:
- Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju
- Det er krav om godkjend politiattest etter gjeldande lovverk ved tiltrede. Attesten kan ikkje vere eldre enn tre månadar
- Kontaktinformasjon for stillinga finn du til høgre for annonsa
- Kommunen følgjer offentlighetslova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarliste
Slik søkjer du
- Me ber om at du søkjer elektronisk. Klikk på «send søknad» og følg vidare instruksjonar.
- Du kan logge inn via ID-porten, med brukarnamn og passord, via Facebook-profil eller søkje utan å logge inn. Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista.
- Me ber om at du legg ved attestar og vitnemål i søknaden. Om du ikkje har dei elektronisk kan dei takast med til intervju. Treng du hjelp, kan du venda deg til Servicetorget på tlf 52 79 22 00
Velkomen som søkjar! Me ser fram til å høyra frå deg.
Del på:
Fylke:
- Rogaland
Jobbtype:
Vikariat
Arbeidstid:
Dag
Søknadsfrist:
31.10.2025
Arbeidsstad:
Erfjord, Kjølvikstølen, Sand
Kontaktpersonar:
Heimeside:
https://www.suldal.kommune.no/Adresse:
Eidsvegen 7 4230 Sand