Brenn du for barn og fellesskap?
Lærar
Me søkjer lærar til Erfjord skule!
Erfjord skule er ein 1. – 7. skule med om lag 70 elevar. Skuleåret 2025 – 2026 består laget vårt av om lag 7 årsverk lærarstillingar, 4 årsverk fagarbeidarstillingar, og 1,3 årsverk leiing.
Me har ledig 100% vikariat som lærar frå 01.01.26 – 31.07.2026, med moglegheit for forlenging. Til stillinga høyrer det og med kontaktlærarfunksjon.
Kvalifikasjonar me ser etter i deg:
• Godkjent undervisningskompetanse for grunnskule
• Du er innstilt på å samarbeida og ha evne til å jobba målretta med undervisning og opplæring
• Du kan omsetja teoretisk kunnskap i praksis
• Du er fleksibel og positiv
• Du har pågangsmot og er utviklingsorientert
• Du må kunna nytta digitale verktøy i opplæringa
Personlege eigenskapar:
• Du er god på relasjonsbygging
• Du er ein trygg og stabil vaksen
• Du har gode kommunikasjonsevner
• Du er tydeleg og varm i møte med barn og vaksen
• Du er fleksibel og toler at det blir endringar i oppsette planar
• Du er fagleg bevisst og godt førebudd til undervisning
• Du har god innsikt i lærarrolla og arbeidar målretta
• Du er fleksibel og utviklingsorientert
Hjå oss i Suldal kommune får du:
• Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
• Engasjerte og dyktige kollegaer
• Pensjons- og forsikringsordningar etter tariffavtale
• Bedriftshelseteneste
• Løns- og tilsetjingsvilkår i samsvar med lov- og avtaleverk
• Nynorsk som administrasjonsspråk
Andre opplysningar:
• Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju
• Det er krav om godkjend politiattest etter gjeldande lovverk ved oppstart. Attesten kan ikkje vere eldre enn tre månadar
• Kontaktinformasjon for stillinga finn du til høgre for annonsa
• Kommunen følgjer offentlegheitslova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarliste
Slik søkjer du:
Me ber om at du søkjer elektronisk. Klikk på «Send søknad» og følg vidare instruksjonar.
Du kan logge inn via ID- porten, med brukarnamn og passord, via Facebook- profil eller søkje utan å logge inn. Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista.
Me ber om at du legg ved attestar og vitnemål i søknaden. Om du ikkje har dei elektronisk kan dei takast med til intervju.
Velkommen som søkjar! Me ser fram til å høyra frå deg!
Del på:
Referansenummer:
25/1376
Fylke:
- Rogaland
Jobbtype:
Vikariat
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Søknadsfrist:
28.12.2025
Tiltreding:
01.01.2026
Arbeidsstad:
Erfjord skule
Kontaktpersonar:
mob: +47 45201277
Heimeside:
http://https://www.suldal.kommune.no/Adresse:
Erfjordvegen 16 4233 Erfjord