Suldal kommune Kjølvikstølen barnehage

Likar du å jobbe med barn ?

Pedagogisk leiar

Kjølvikstølen barnehage ligg midt på Ropeidhalvøya i Grendahuset sitt bygg. Me har fin uteplass kor born kan utfordre seg i ujevnt terreng. Fint miljø rundt, mykje skog og fin natur, tilgang til strand og gardar i nærmiljø.

Me har nå ledig fast stilling som pedagogisk leiar!

Om stiliinga:

  • StillingsstorleiK: 80%
  • Stillingtype:       Fast
  • Stilling ledig frå: 01.03.2026

Arbeidsoppgåver:

  • Leiing og organisering på avdelingsnivå, i samsvar med mål og strategiar.
  • Møtedeltaking.
  • Ansvar for utvikling av barnehagen, fagleg og kvalitativt.
  • Rettleiing av det pedagogiske personalet på avdelinga.
  • Samarbeid med ulike instansar.
  • Ansvar for vurdering og dokumentering.

Kvalifikasjonar

Utdanning som barnehagelærar/føreskulelærar eller annan treårig pedagogisk høgskuleutdannig med vidareutdanning innan barnehagepedagogikk.

Personlege eigenskapar

Me søkjer deg som er:

  • Deg - men gir plass til andre slik at dei blir seg.
  • Oppteken av å søkje kunnskap i lag med barn.
  • Bidreg til eit positivt leike- og læringsmiljø.
  • Har ein ekte motivasjon for å arbeide med barn.
  • Tilstadeverande og fagleg interessert.

I tillegg ønskjer me at du har:

  • Eit positivt menneskesyn.
  • Evne til å gi barn omsorg og trygge relasjonar.
  • Evne til å inspirera og motivera kollegane dine.
  • Evne til å jobba målretta og likar å sjå resultat av jobben din.
  • Erfaring frå arbeid i barnehage.
  • Gode norskunnskapar.

 Hos oss i Suldal kommune får du

  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
  • Engasjerte og dyktige kollegaer
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Bedriftshelseteneste
  • Løn- og tilsetjingsvilkår i samsvar med lov- og avtaleverk
  • Nynorsk som administrasjonsspråk
  • Me har rekrutteringsbustadar du kan søkje på for å prøvebu i Suldal, https://www.suldal.kommune.no/om-kommunen/bu-og-jobb-i-suldal/provebu-suldal/

Suldal kommune har gode lokale tillegg som pedagogisk leiar i barnehage
Gjeld ikkje dei som er på dispensasjon frå utdanningskravet

  • Pedagogisk leiar i barnehage under 10 års ansiennitet: 30 000 kroner
  • Pedagogisk leiar i barnehage 10 års ansiennitet: 32 000 kroner
  • Pedagogisk leiar i barnehage 16 års ansiennitet: 37 000 kroner

Andre opplysningar:

  • Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju
  • Det er krav om godkjend politiattest etter gjeldande lovverk ved tiltrede. Attesten kan ikkje vere eldre enn tre månadar
  • Kontaktinformasjon for stillinga finn du til høgre for annonsa
  • Kommunen følgjer offentlighetslova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarliste

Slik søkjer du

  • Me ber om at du søkjer elektronisk. Klikk på «send søknad» og følg vidare instruksjonar.
  • Du kan logge inn via ID-porten, med brukarnamn og passord, via Facebook-profil eller søkje utan å logge inn. Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista.
  • Me ber om at du legg ved attestar og vitnemål i søknaden. Om du ikkje har dei elektronisk kan dei takast med til intervju. Treng du hjelp, kan du venda deg til Servicetorget på tlf 52 79 22 00

Velkomen som søkjar! Me ser fram til å høyra frå deg.

Del på:

Referansenummer:

26/33

Fylke:

  • Rogaland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Deltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

21.01.2026

Tiltreding:

01.03.2026

Arbeidsstad:

Ropeidhalvøya

Kontaktpersonar:

Adresse:

Kjølvikstølen 2 4235 Hebnes

Kart: