Suldal kommune Erfjord skule

Fagarbeidar

Me søkjer etter deg som vil vera med på laget vårt. Erfjordskule er ein 1-7.skule med omlag 70 elevar skuleåret 2025/2026. Stillinga følgjer skuleruta med arbeidstid kvar dag. 

Om stillinga: Inntil 140 % vikariat 

Stillingstype: Mellombels frå 10.01.2026 til og med 31.07.2026 med moglegheit for forlenging. 

Kvalifikasjonar: 

  • Fagbrev i barne-og ungdomsarbeid 

Me søkjer deg som: 

  • Har ein ekte motivasjon for å arbeida med barn. 
  • Er fleksibel 
  • Er deg - men gir plass til andre slik at dei blir seg. 
  • Oppteken av å søkje kunnskap ilag med barn. 
  • Bidreg til eit positivt læringsmiljø 
  • Tilstadeverande. 
  • Fagleg interessert. 

I tillegg ønskjer me at du har: 

  • Eit positivt menneskesyn. 
  • Evne til å gi barn omsorg og trygge relasjonar. 
  • Gode norskkunnskapar. 
  • Evne til å inspirera og motivera kollegane dine 
  • Evne til å jobba målretta, og likar å sjå resultat av jobben din. 
  • Erfaring frå arbeid i barnehage-/ skule 

Hos oss i Suldal kommune får du 

  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø 
  • Engasjerte og dyktige kollegaer 
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar 
  • Bedriftshelseteneste 
  • Løn- og tilsetjingsvilkår i samsvar med lov- og avtaleverk 
  • Nynorsk som administrasjonsspråk 

Andre opplysningar: 

  • Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju 
  • Det er krav om godkjend politiattest etter gjeldande lovverk ved tiltrede. Attesten kan  
  • ikkje vere eldreenn tre månadar 
  • Kontaktinformasjon for stillinga finn du til høgre for annonsa 
  • Kommunen følgjer offentlighetslova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarliste 

Slik søkjer du 

  • Me ber om at du søkjer elektronisk. Klikk på «send søknad» og følg vidare instruksjonar. 
  • Du kan logge inn via ID- porten, med brukarnamn og passord, via Facebook- profil eller søkje utan å logge inn. Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. 
  • Me ber om at du legg ved attestar og vitnemål i søknaden. Om du ikkje har dei elektronisk kan dei takast med til intervju. 

Velkomen som søkjar! Me ser fram til å høyra frå deg. 

Del på:

Referansenummer:

26/42

Fylke:

  • Rogaland

Jobbtype:

Vikariat

Søknadsfrist:

22.01.2026

Tiltreding:

snarast

Arbeidsstad:

Erfjord skule

Kontaktpersonar:

Aina Vaage

mob: +47 45201277

Anne Marie Gamlem Rabba

mob: +47 45612131

Adresse:

Erfjordvegen 16 4233 Erfjord

Kart: