Lyst til å jobbe som kokk på Noregs finaste sjukeheim?
Kokk
Kjøkkenet vårt produserer mat til sjukeheimen sine avdelingar og til heimebuande. Til saman kokar dei til om lag 60 personar dagleg. Kjøkkenet har drift alle dagar heile året, for tida berre på dagtid. Ein arbeidar i turnus med arbeid kvar tredje helg.
Om stillinga:
Suldal sjukeheim har ledig 100 % fast som kokk.
Kjøkkenet vårt produserer mat til sjukeheimen sine avdelingar og til heimebuande. Til saman kokar dei til om lag 60 personar dagleg. Kjøkkenet har drift alle dagar heile året, for tida berre på dagtid og ettermiddag.
I denne stillinga arbeidar ein i turnus med arbeid på langvakt til kl. 17.00 kvar tredje helg. I heilagdagsperiodar og feriar er det og periodar med langvakter. Ta kontakt ved spørsmål om turnus.
- Stillingsstorleik: 100 %
- Stillingstype: Fast
- Stilling ledig frå: 23.03.2026
Arbeidsoppgåver:
- Produksjon av alle døgnets måltid til inneliggande pasienter, samt ein del til utbringing.
- Reinhald av kjøkken og utstyr.
- Anna førefallande arbeid, blant det noko utkøyring av mat.
Kompetanse:
- Me søkjer primært deg som er utdanna kokk.
- Andre kokekyndige med erfaring frå kjøkkenarbeid og matproduksjon kan vurderast, og vil då bli tilsett som kjøkkenassistent.
Kvalifikasjonar:
- Evne til å arbeida sjølvstendig og i team.
- Evne til å halda orden og overhalda hygieniske prinsipp.
- Meistrar norsk munnleg og skriftleg.
Hos oss i Suldal kommune får du:
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Engasjerte og dyktige kollegaer
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Bedrifthelseteneste
- Løn- og tilsetjingsvilkår i samsvar med lov- og avtaleverk
- Nynorsk som administrasjonsspråk
Andre opplysningar:
- Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju
- Kontaktinformasjon for stillinga finn du til høgre for annonsa
- Kommunen følgjer offentlighetslova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlist
Slik søkjer du:
- Me ber om at du søkjer elektronisk. Klikk på «send søknad» og følg vidare instruksjonar.
- Du kan logge inn via ID-porten, med brukarnamn og passord, via Facebook-profil eller søkje utan å logge inn. Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista.
- Me ber om at du legg ved attestar og vitnemål i søknaden. Om du ikkje har dei elektronisk kan dei takast med til intervju.
Velkommen som søkjar! Me ser fram til å høyra frå deg!
Del på:
Referansenummer:
26/46
Fylke:
- Rogaland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Skift/turnus
Søknadsfrist:
23.01.2026
Tiltreding:
23.03.2026
Arbeidsstad:
Sand
Kontaktpersonar:
Siv Svennes
mob: +47 926 58 885
Heimeside:
http://www.suldal.kommune.noAdresse:
Eidsvegen 1 4230 Sand