Suldal kommune Suldal bu og aktivitet

Helgestillingar

Suldal bu- og aktivitet er ei eining som tilbyr tenester til menneske med nedsett funksjonsevne. Hjå oss møter du dyktige og engasjerte medarbeidarar som har fokus på å gi gode tenester og arbeidsglede.

I eininga har me høg fagkompetanse og mykje hjartevarme, me jobbar aktivt for å gi trygg og aktiv omsorg med fokus på livskvalitet. Du vil få ein unik moglegheit til å vera med på å påverka og vidareutvikla dei gode tenestene me gir. Er du engasjert, jobbar sjølvstendig og i team, likar utfordringar og kjenner ansvar for jobben så er det deg me søkjer.

Om stillinga
Suldal bu- og aktivitet har to faste helgestillingar som helsefagarbeidar/pleiemedarbeidar.

  • Stillingsstorleik: Stilling på 22 % med langvakter kvar fjerde helg
  • Stillingsstorleik: Stilling på 15 % kvar tredje helg

Krav til kompetanse

  • Me søkjer deg som har autorisasjon som helsefagarbeidar, men ufaglærte kan bli vurderte. 
  • Ønskeleg med førarkort klasse B
  • Personlege eigenskapar vil bli vektlagt

Arbeidsoppgåver

  • Utøve omsorgsfull og fagleg forsvarleg pleie  av tenestemottakar ved Suldal bu- og aktivitet
  • Andre oppgåver i tråd med einingas og kommunens behov.
  • Stillinga er i turnus

Kvalifikasjonar

  • Evne til å arbeide for eit godt arbeidsmiljø
  • Evne til å takle andre personar sine utfordringar og å møte personar i sårbare situasjonar med tryggleik og respekt
  • Gode datakunnskapar
  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.    

Hjå oss i Suldal kommune får du

  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
  • Engasjerte og dyktige kollegaer
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar igjennom KLP
  • Bedriftshelseteneste
  • Løn- og tilsetjingsvilkår i samsvar med lov- og avtaleverk
  • Nynorsk som administrasjonsspråk

Andre opplysningar:

  • Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju
  • Det er krav om godkjend politiattest etter gjeldande lovverk ved tiltreding. Attesten kan ikkje vere eldre enn tre månadar
  • Kontaktinformasjon for stillinga finn du til høgre for annonse.
  • Kommunen følgjer offentlegheitslova § 25 ved eventuell offentleggjering  av søkjarliste

Slik søkjer du

  • Me ber om at du søkjer elektronisk. Klikk på «send søknad» og følg vidare instruksjonar.
  • Du kan logge inn via ID-porten, med brukarnamn og passord, via Facebook-profil eller søkje utan å logge inn. Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista.
  • Me ber om at du legg ved attestar og vitnemål i søknaden. Om du ikkje har dei elektronisk kan dei takast med til intervju.
  • Treng du hjelp, kan du kontakte kommunen på tlf 52 79 22 00

Velkomen som søkjar! Me ser fram til å høyra frå deg.

 

Del på:

Fylke:

  • Rogaland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Deltid

Arbeidstid:

Helg

Søknadsfrist:

11.02.2026

Tiltreding:

02.03.2026

Kontaktpersonar:

Karoline Haaranes Nordmark

tlf: 45614843

Adresse:

Nedre Dalane 41 4230 SAND

Kart: