Suldal kommune

Vil du gjera ein forskjell for andre?

Lærling - helsearbeidarfaget

Me søkjer deg som trivs med å arbeida med mennesker i ulike aldrar og med ulik bakgrunn. Som lærling får du praktisera det du har lært på skulen. Du vil få varierte og meiningsfulle oppgåver, som gir deg moglegheita til å utvikla deg både faglege og personleg. Hos oss får du ein kvardag fylt med utfordringar og meistring, og me skal gjer deg trygg i læreløpet.

Som lærling hos oss får du arbeide i ulike einingar og får rullere mellom Suldal sjukeheim, Suldal bu- og aktivitetstiltak og Suldal heimeteneste. Lærlingar arbeidar turnus, noko som inneber arbeid på dagtid, kveldstid, i helger og på heilagdager. Læretida er normalt 2 år, og oppstart er enten før sommarferien eller i august 2026.

Det blir satt opp intervju i vinterferien (mellom 23-27. februar)

Kva kan me tilby som arbeidsplass?

  • 100 % stilling i læretida
  • Oppfølging av dyktige instruktørar.
  • Sommarfest for sommarvikarar og lærlingar
  • Me har eit aktivt velferdsutval som fleire gongar i året arrangerer felles aktivitetar og samlingar.
  • Me er opptatt av å vera i stadig utvikling og er stolte av å kalla oss ein LEAN-kommune. Hos oss får du høve til å vera med å skape framtidas Suldal.
  • Fagleg utvikling skjer sjeldan aleine. Me er opptatt av å læra av kvarandre og legg opp til at det skal vera aktive og gode fagmiljø rundt våre tilsette.

Kven søkjer me?

  • Du som har bestått VG1 Helse og oppvekst
  • Du som har bestått VG2 Helsearbeiderfag eller ferdig med dette juni 2026
  • Me nyttar nynorsk i all skriftleg kommunikasjon i Suldal kommune. Er nynorsken litt rusten? Ikkje la vera å søk! Me hjelp deg med å friske opp kunnskapane.

Me priorieterer søkjarar med ungdomsrett og som er busett i Suldal kommune.

 Andre opplysningar:

  •  Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju
  •  Det er krav om godkjend politiattest etter gjeldande lovverk ved tiltrede. Attesten kan ikkje vere eldre enn tre månadar. Og tuberkuloseattest iht. forskrift
  •  Kontaktinformasjon for stillinga finn du til høgre for annonsa. Fagansvarleg i faget er Jarle Nilssen.
  •  Suldal kommune samarbeider med opplæringskontoret Rytopp. For meir informasjon sjå www.rytopp.no
  •  Kommunen følg offentlighetslova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarliste
  •  Lønn etter tariff (som lærling)

Slik søkjer du:

  •  Me ber om at du søkjer elektronisk. Klikk på «send søknad» og følg vidare instruksjonar.
  •  Hugs å leggja ved vitnemål fra VG1 og karakterutskrift fra VG2 (1.termin). 
  •  Treng du hjelp, kan du venda deg til kommunen på tlf 52 79 22 00

 Velkomen som søkjar! Me ser fram til å høyra frå deg. 

Del på:

Referansenummer:

26/129

Fylke:

  • Rogaland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Skift/turnus

Søknadsfrist:

16.02.2026

Tiltreding:

22.06.2026

Arbeidsstad:

Suldal kommune

Kontaktpersonar:

Elise Nedrejord

tlf: +47 52792320

mob: +47 95985834

Jarle Nilssen

Stilling: Fagansvarleg for lærlingar i helsearbeidarfaget

mob: +47 92831777

Adresse:

Eidsvegen 7 4230 Sand

Kart: