Vil du vere med å forma framtida til barn- og unge?
Lærling - barne- og ungdomsarbeidar
Me søkjer etter deg som er omsorgsfull, engasjert, og vil arbeida med barn og unge. Som lærling får du praktisere det du har lært på skulen samstundes som du lærer meir om å skapa relasjonar og var ein tydeleg voksen. Du vil få varierte og meiningsfulle oppgåver, som gir deg moglegheita til å utvikla deg både fagleg og personleg. Hos oss får du ein kvardag fylt med utfordringar og meistring, og me skal gjer deg trygg i læreløpet. Som lærling hos oss får du arbeida med barn og unge i barnehage og skule/SFO.
Læretida er normalt 2 år, og oppstart er august 2026.
Intervju blir gjennomført i vinterferien (mellom 23-27. februar).
Kva kan me tilby som arbeidsplass?
- 100 % stilling i læretida
- Oppfølging av dyktige instruktørar.
- Sommarfest for sommarvikarar og lærlingar
- Me har eit aktivt velferdsutval som fleire gongar i året arrangerer felles aktivitetar og samlingar.
- Me er opptatt av å vera i stadig utvikling og er stolte av å kalla oss ein LEAN-kommune. Hos oss får du høve til å vera med å skape framtidas Suldal.
- Fagleg utvikling skjer sjeldan aleine. Me er opptatt av å læra av kvarandre og legg opp til at det skal vera aktive og gode fagmiljø rundt våre tilsette.
Kven søkjer me?
- Du som har bestått VG1 helse og oppvekst
- Du som har bestått VG2 barne- og ungdomsarbeidarfaget eller ferdig med dette juni 2026.
- Me nyttar nynorsk i all skriftleg kommunikasjon i Suldal kommune. Er nynorsken litt rusten? Ikkje la vera å søk! Me hjelp deg med å friske opp kunnskapane.
Me priorieterer søkjarar med ungdomsrett og som er busett i Suldal kommune, men andre kan søkja.
Andre opplysningar:
- Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju
- Det er krav om godkjend politiattest etter gjeldande lovverk ved tiltrede. Attesten kan ikkje vere eldre enn tre månadar. Og tuberkuloseattest iht. forskrift
- Kontaktinformasjon for stillinga finn du til høgre for annonsa. Fagansvarleg i faget er Konrad Jårvik.
- Suldal kommune samarbeider med opplæringskontoret Rytopp. For meir informasjon sjå www.rytopp.no
- Kommunen følg offentlighetslova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarliste
- Lønn etter tariff (for lærling)
Slik søkjer du:
- Me ber om at du søkjer elektronisk. Klikk på «send søknad» og følg vidare instruksjonar.
- Hugs å leggja ved vitnemål fra VG1 og karakterutskrift fra VG2 (1.termin).
- Treng du hjelp, kan du venda deg til kommunen på tlf 52 79 22 00
Velkomen som søkjar! Me ser fram til å høyra frå deg.
Del på:
Referansenummer:
26/139
Fylke:
- Rogaland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Dag
Søknadsfrist:
16.02.2026
Tiltreding:
17.08.2026
Arbeidsstad:
Suldal kommune
Kontaktpersonar:
Konrad Jårvik
Stilling: Fagansvarleg for lærlingar i barne- og ungdomsarbeidarfaget
tlf: +47 976 59 162
Heimeside:
http://www.suldal.kommune.noAdresse:
Eidsvegen 7 4230 Sand