På jakt etter ein meiningsfull jobb der du får påverke framtidas dagsenter?
Kokk/aktivitør dagsenter
Engasjement 20% stilling som kokk/aktivitør i Heimetenesta – dagsenterdrift Stølane, inkl vidareutvikle drift ilag med frivillige
Om stillinga
Heimetenesta i Suldal søkjer ein engasjert medarbeidar i 20% stilling (engasjement) som kokk/aktivitør i perioden ut året (2026) knytt til dagsenterdrifta på Stølane. I løpet av 2026 skal kommunen vidareutvikle dagsentertilbodet ved å opne for, eit nært og nødvendig samarbeid mellom kommunalt tilsette og frivillige for ei vidare drift. Målet er å legge til rette for at frivillige kan ha ei aktiv rolle og eit medansvar for innhald, aktivitetar, matservering og sosialt fellesskap ved dagsentra ute i grendene.
Arbeidsoppgåver
- Planlegging og tilrettelegging av måltid (vi tek no i bruk kok-kjøl-løysinga frå Suldal sjukeheim) og enkle matopplevingar saman med brukarane.
- Bidra i gjennomføring av sosiale og trivselsskapande aktivitetar.
- Støtte og rettleie frivillige i drifta
- Vere ein positiv pådrivar for samarbeidet mellom brukarar, frivillige og kommunen.
- Delta i utviklingsarbeid for å fremje nye løysingar der eldre og innbyggjarar er aktive ressursar i drifta.
Vi søkjer deg som
- Har utdanning eller erfaring som kokk, aktivitør, miljøarbeidar eller liknande.
- Har evne til å skape gode relasjonar og trivsel i møte med eldre og frivillige.
- Er fleksibel, løysingsorientert og har tru på at lokal deltaking gjev meirverdi.
- Kan arbeide sjølvstendig og vere ein inspirator i vidare utvikling av tilbodet.
Vi tilbyr
- Ei meiningsfull stilling der du får påverke framtidas dagsenterdrift.
- Eit varmt og inkluderande arbeidsmiljø.
- Moglegheit til å vere med på å utvikle nye modellar for frivillig deltaking i kommunen.
Andre opplysningar:
- Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju
- Det er krav om godkjend politiattest etter gjeldande lovverk ved tiltrede. Attesten kan ikkje vere eldre enn tre månadar
- Kontaktinformasjon for stillinga finn du til høgre for annonsa
- Kommunen følg offentlighetslova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarliste
Slik søkjer du
- Me ber om at du søkjer elektronisk. Klikk på «send søknad» og følg vidare instruksjonar.
- Du kan logge inn via ID-porten, med brukarnamn og passord, via Facebook-profil eller søkje utan å logge inn. Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista.
- Me ber om at du legg ved attestar og vitnemål i søknaden. Om du ikkje har dei elektronisk kan dei takast med til intervju.
- Treng du hjelp, kan du venda deg til Servicetorget på tlf 52 79 22 00
Velkomen som søkjar! Me ser fram til å høyra frå deg.
Del på:
Referansenummer:
26/140
Fylke:
- Rogaland
Jobbtype:
Engasjement
Heiltid/Deltid:
Deltid
Arbeidstid:
Dag
Søknadsfrist:
12.02.2026
Tiltreding:
01.03.2026
Arbeidsstad:
Stølane, Erfjord
Kontaktpersonar:
Heimeside:
https://www.suldal.kommune.no/Adresse:
Bjødnateigvegen 21 4230 SAND