Suldal kommune Teknisk drift

Sesongarbeidar

Me søkjer deg som er over 18 år, har sertifikat kl B og erfaring frå arbeid med grøntanlegg.

Me ynskjer kandidatar som kan arbeide i perioden mai og ut august, hovudsakleg på grøntanlegg. Andre arbeidsoppgåver innanfor teknisk drift er også aktuelt.

Du vil få ansvar for oppfølging av sommarvikarar i delar av perioden.

Ein må pårekna arbeid over heile kommunen.

Kva kan me tilby deg som sesongarbeidar (sommarvikar)

  • Variert arbeid rundt i heile kommunen
  • Samarbeid med dei andre tilsette på teknisk drift

Du vil trivast hjå oss dersom du

  • Er glad i å arbeide ute, i allslags vær
  • Er sjølvstendig og løysingsorientert

Me ser etter

  • Deg som er over 18 år og har sertifikat kl B
  • Kan jobbe i perioden mai - august
  • Har erfaring med grøntarbeid.
  • Kunne kommunisere og forstå norsk

Slik søkjer du

Me ber om at du søkjer elektronisk. Klikk på «send søknad» og følg vidare instruksjonar.

Du kan logge inn via ID-porten, med brukarnamn og passord, via Facebook-profil eller søkje utan å logge inn. Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista.

Me ber om at du legg ved attestar og vitnemål i søknaden. Om du ikkje har dei elektronisk kan dei takast med til intervju.

Treng du hjelp, kan du venda deg til kommunen på tlf 52 79 22 00

 

Velkomen som søkjar! Me ser fram til å høyra frå deg.

Del på:

Referansenummer:

26/171

Fylke:

  • Rogaland

Jobbtype:

Engasjement

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

04.03.2026

Arbeidsstad:

Teknisk drift

Adresse:

Sandsvegen 122/ Garaneset 38 4230 Sand

Kart: