Sommarjobb
Ved å jobba som sommarvikar i Suldal kommune kan du få spennande erfaring som kan koma godt med seinare i livet. Me lover å ta godt vare på deg, og vil gjera vårt beste for at sommaren 2026 skal bli fin og lærerik på jobb. Du blir invitert til sommarfesten 2026, som er for alle sommarvikarane i Suldal kommune.
Sommarvikar ved Drifts- og vedlikehaldsavdelinga
Hos oss kan du jobba med:
- Stell av grøntanlegg
- Maling/beising av hus
- Andre vedlikehaldsoppgåver på Nesflaten, Suldalsosen, Sand, Jelsa og Erfjord
Du fyller 16 år i løpet av 2026. Det er positivt om du ønskjer å jobba fleire veker i løpet av sommaren.
Arbeidet blir utført i kjernetida vår, som er mellom kl. 7 og 17.
Kva kan me tilby deg som sommarvikar?
- Me vil gi deg god opplæring og støtta deg undervegs
- Du vil få god erfaring som kan koma godt med seinare i livet
Du vil trivast hos oss dersom du:
- Er interessert i arbeidet du skal gjera
- Er påliteleg
- Kan arbeida sjølvstendig
Me ser etter
- Deg som fyller 16 år i år kan og få jobba med enklare oppgåver ved driftsavdelinga
- Deg med erfaring frå liknande arbeid. Det er ikkje eit krav, men eit ønske
- Deg som kan jobba minst 3 veker samanhengande.
Annan informasjon
- Hos oss er det er ofte fleire som vil jobba enn kva me kan tilsetta. Aktuelle søkjarar blir kontakta
- Kontaktinformasjon for stillinga finn du til høgre for annonsa
- Kommunen følg offentlighetslova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarliste
Slik søkjer du
- Informer oss om:
- Kor i kommunen du ønskjer å jobba
- Kva veker/dato du ønskjer jobb
- Om du har sertifikat
- Telefon til føresette dersom du er under 18 år
- Andre ting du ønskjer å opplysa oss om
- Klikk på «send søknad» og følg vidare instruksjonar.
- Du kan logge inn via ID-porten, med brukarnamn og passord, via Facebook-profil eller søkje utan å logge inn. Til meir du fyller ut, til betre blir du sjåande ut på søkjarlista.
- Me ber om at du legg ved attestar og vitnemål i søknaden. Om du ikkje har dei elektronisk kan du ta dei med på intervju
- Treng du hjelp? Då kan du kontakta oss på telefon 52 79 22 00
Del på:
Referansenummer:
26/173
Fylke:
- Rogaland
Arbeidstid:
Dag
Søknadsfrist:
04.03.2026
Arbeidsstad:
Drifts- og vedlikehaldsavdelinga
Heimeside:
http://www.suldal.kommune.noAdresse:
Sandsvegen 122/ Garaneset 38 4230 Sand