Me ynskjer jordmor til Suldal helsestasjon, er det deg?
Jordmor 33 % vaktordning
Om stillinga
Suldal kommune har ledig 33 % fast stilling som jordmor f.o.m. 01.04.2026. Stillinga er organisert som ein del av eining helse, avdeling helsestasjon. Som jordmor vil ein være ein del av eit interkommunalt vaktsamarbeid med Sauda og Helse Fonna. Me har eit ungt og framoverlent arbeidsmiljø og kan tilby gode arbeids- og lønsforhold. Helse har mykje tverrfagleg samarbeid med heimesjukepleie, sjukeheimen, kreftkoordinator, fysioterapi og spesialisthelseteneste.
Kommunen vil vurdere moglegheiter for å tilpasse turnus dersom du ønskjer å pendle til Suldal for vaktstillinga. Det kan òg vere aktuelt å kombinere stillinga med andre sjukepleiaroppgåver dersom du ønskjer ei større stilling. Kommunen kan bidra med å skaffe bustad.
Arbeidsoppgåver
- du inngår i vaktavtale om følgjeteneste mellom Helse Fonna, Suldal og Sauda kommune.
- fødselshjelp
Kvalifikasjonar
- Me søkjer deg som har etterutdanning og autorisasjon som jordmor
- Vera løysingsorientert
- Ha gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg
- Kjennskap til norsk helsevesen og kommunalt tenestetilbod
- Førarkort klasse B, samt disponere eigen bil
- Personlege eigarskapar vert vektlagt
- Ha gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- Ha evner til å arbeida i team og sjølvstendig, samt vera strukturert
- Ha evne til å bidra til gode føresetnadar for kompetanseoverføring til andre tilsette i kommunen
- IKT kunnskap
- Personlege eigarskapar vert vektlagt
Hos oss i Suldal kommune får du
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Engasjerte og dyktige kollegaer
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Bedrifthelseteneste
- Løn- og tilsetjingsvilkår i samsvar med lov- og avtaleverk
- Nynorsk som administrasjonsspråk
Andre opplysningar
- Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju
- Kontaktinformasjon for stillinga finn du til høgre for annonsa
- Kommunen følgjer offentlighetslova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlist
Slik søkjer du
- Me ber om at du søkjer elektronisk. Klikk på «send søknad» og følg vidare instruksjonar.
- Du kan logge inn via ID-porten, med brukarnamn og passord, via Facebook-profil eller søkje utan å logge inn. Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista.
- Me ber om at du legg ved attestar og vitnemål i søknaden. Om du ikkje har dei elektronisk kan dei takast med til intervju.
Velkommen som søkjar! Me ser fram til å høyra frå deg!
Del på:
Referansenummer:
26/204
Fylke:
- Rogaland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Deltid
Arbeidstid:
Skift/turnus
Søknadsfrist:
15.03.2026
Tiltreding:
01.04.2026
Arbeidsstad:
Sand
Kontaktpersonar:
Heimeside:
http://www.suldal.kommune.noAdresse:
Eidsvegen 3 4230 SAND