Er du engasjert, likar utfordringar og kjenner ansvar for jobben? Då er det kanskje du som er vår nye sjukepleiar!
Sjukepleiarar fast
Suldal sjukeheim lyser ut tre faste stillingar – bli med på laget vårt!
I mai 2025 flytta me inn i heilt nye, moderne og innbydande lokalar. Her får du ein arbeidsplass der både medarbeidarar og bebuarar trivst, med gode fasilitetar, rom for fagleg utvikling og eit inkluderande arbeidsmiljø.
- Me kan love deg dyktige og engasjerte kollegaer.
- Me har høg fagkompetanse og mykje hjartevarme.
- Me jobbar for å gi trygg og aktiv omsorg med fokus på livskvalitet.
- Me har årsturnus
- Suldal kommune har gode lokale tillegg for sjukepleiarSjukepleiarar og spesialsjukepleiarar startar med løn som om dei har 8 års ansiennitet.
- Du får eit tillegg på kr. 25.000 om du er sjukepleiar eller eit tilleg på kr. 30.000 om du har ei vidareutdanning og er spesialsjukepleiar
- Me har rekrutteringsbustadar du kan søkje på for å prøvebu i Suldal. Sjå her: Prøvebu i Suldal - Suldal kommune heimeside
Om stillinga
- 2 x 100 % med arbeid kvar 3.helg. Ledig frå 01.04.2026
- 1 x 75 % med arbeid på langvakter kvar 4.helg. Ledig frå 01.05.2026
Ved intern omrokkering kan anna stilling verta ledig.
Arbeidsoppgåver
- Utøve omsorgsfull og fagleg forsvarleg pleie og behandling av bebuarane ved sjukeheimen.
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som sjukepleiar
- Personlege eigeskapar vil bli vektlagt
- Evne til å arbeide for eit godt arbeidsmiljø
- Evne til å takle andre personar sine utfordringar og å møte personar i sårbare situasjonar medtryggleik og respekt
- Gode datakunnskapar
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
Hjå oss i Suldal kommune får du
- Fagleg og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Engasjerte og dyktige kollegaer
- Gode pensjons- og forsikringsordningar igjennom KLP
- Bedriftshelseteneste
- Løn- og tilsetjingsvilkår i samvar med lov- og avtaleverk
- Nynorsk som administrasjonsspråk
Andre opplysingar
- Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju
- Det er krav om godkjent politiattest etter gjeldande lovverk ved tiltredning. Attesten kan ikjke vereeldre enn tre månadar
- Kontaktinformasjon for stillinga finn du til høgre for annonsa
- Kommunen følgjer offentlighetslova § 25 ved eventuell offentliggjering av sækjarliste
Slik søkjer du
- Me ber om at du søkjer elektronisk. Klikk på "send søknad" og følg vidare instruksjonar
- Du kan logge inn via ID- porten, med brukarnamn og passord, via Facebook- profil eller søkje utan ålogge inn. Dess mer du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista
- Me ber om at du legg ved attestar og vitnemål i søknaden. Om du ikkje har dei elektronisk kan deitakast med til intervju
- Treng du hjelp kan du kontakte kommunen på tlf. 52 79 22 00
Velkommen som søkjar! Me ser fram til å høyra frå deg.
Del på:
Referansenummer:
26/220
Fylke:
- Rogaland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Skift/turnus
Søknadsfrist:
12.03.2026
Tiltreding:
01.04.2026
Arbeidsstad:
Sand
Kontaktpersonar:
Heimeside:
http://www.suldal.kommune.noAdresse:
Eidsvegen 1 4230 Sand