Kjære alle flotte fagarbeidarar der ute
Vikar for barne- og ungdomsarbeidar
Marvik skule - ein liten fådelt skule på Ropeidhalvøya i Suldal kommune med omlag 25 elevar.
Frå 01.04.26 til 31.07.27 har me ledig stilling som vikar for fagarbeidar i 75% stilling, med moglegheit til auke i inntil 90% frå 01.08.26.
Me ser etter deg som likar å vera tett på enkeltelevar, som har relasjonskompetansen i ryggmargen og som ser barnet som strevar. Du som tek kloke avgjerd når det kokar, og som gler deg til å vera saman med både små og store på Marvik skule.
Eit kollegium som støttar deg i kvardagen og som gler seg til du kjem med fellesskap og rausheit.
Kvalifikasjonar
Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar eller anna relevant kompetanse.
Me ønskjer at du:
- er deg - men gir plass til andre slik at dei blir seg.
- er oppteken av å søkje kunnskap ilag.
- bidreg til eit positivt læringsmiljø.
- har ein ekte motivasjon for å arbeida med barn.
- er tilstadeverande.
- er fagleg interessert.
Personlege eigenskapar:
- Har eit positivt menneskesyn.
- Vil gi til å gi barn omsorg og trygge relasjonar.
- Vil inspirera og motivera kollegane dine.
- Du må jobba målretta, og likar å sjå resultat av jobben din.
- Har erfaring frå arbeid med barn/unge.
- Har gode norskkunnskapar.
Hos oss i Suldal kommune får du:
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Engasjerte og dyktige kollegaer
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Bedriftshelseteneste
- Løn- og tilsetjingsvilkår i samsvar med lov- og avtaleverk
- Nynorsk som administrasjonsspråk
Andre opplysningar:
- Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju
- Det er krav om godkjend politiattest etter gjeldande lovverk ved tiltrede. Attesten kan ikkje vere eldre enn tre månadar
- Kontaktinformasjon for stillinga finn du til høgre for annonsa
- Kommunen føl offentlighetslova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista.
Slik søkjer du
- Me ber om at du søkjer elektronisk. Klikk på «send søknad» og følg vidare instruksjonar.
- Du kan logge inn via ID-porten, med brukarnamn og passord, via Facebook-profil eller søkje utan å logge inn. Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista.
- Me ber om at du legg ved attestar og vitnemål i søknaden. Om du ikkje har dei elektronisk kan dei takast med til intervju.
- Treng du hjelp, kan du venda deg til kommunen på tlf 52 79 22 00
Velkommen som søkjar! Me ser fram til å høyra frå deg.
Del på:
Referansenummer:
26/230
Fylke:
- Rogaland
Jobbtype:
Vikariat
Søknadsfrist:
10.03.2026
Tiltreding:
01.04.2026
Arbeidsstad:
Marvik skule
Kontaktpersonar:
Heimeside:
http://https://www.suldal.kommune.no/Adresse:
Øygarden 21 4235 Hebnes