Suldal kommune Suldal bu og aktivitet

Vil du vere med og gjere ein forskjell i kvardagen til menneske med ulike behov? Me har no ledig eit 100 % vikariat ved Suldal bu- og aktivitetet, og søkjer ein engasjert og omsorgsfull medarbeidar.

Helsefag / pleiemedarbeidar 100 %

Om arbeidsplassen

Suldal bu- og aktivitetet gir tilbod til menneske med ulik grad av psykisk og fysisk funksjonsnedsetjing. Hjå oss møter du dyktige og engasjerte medarbeidarar med sterkt fokus på å gi gode og trygge tenester.

I eininga vår legg me vekt på:

  • Høg fagkompetanse
  • Hjartevarme og arbeidsglede
  • Trygg og aktiv omsorg
  • Livskvalitet for den enkelte

Me arbeider kontinuerleg for å påverke og vidareutvikle gode tenester i tråd med brukarane sine behov.

Om stillinga

  • 100 % vikariat frå 01.05.2026 til 31.08.2027
  • Arbeid kvar 4. helg med langvakter
  • Turnusarbeid

Arbeidsoppgåver

  • Yte praktisk bistand og pleie
  • Miljøarbeid og målretta oppfølging av bebuarar
  • Samarbeid med kollegaer, pårørande og andre faginstansar
  • Dokumentasjon og fagleg utviklingsarbeid

Kvalifikasjonar

  • Autorisasjon som helsefagarbeidar er ønskjeleg
  • Me opnar òg for søkjarar utan formell helsefagleg utdanning (pleiemedarbeidar)
  • Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg
  • Førarkort klasse B
  • Personlege eigenskapar

Me ser etter deg som:

  • Er engasjert og omsorgsfull
  • Kan arbeide sjølvstendig og i team
  • Er fleksibel og løysingsorientert
  • Bidreg positivt til arbeidsmiljøet

Me tilbyr

  • Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø
  • Dyktige kollegaer med høg fagkompetanse
  • Varierte og meiningsfulle arbeidsoppgåver
  • Moglegheit til å vere med og påverke og vidareutvikle tenestene

Hjå oss i Suldal kommune får du

  • Fagleg og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
  • Engasjerte og dyktige kollegaer
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar igjennom KLP
  • Bedriftshelseteneste
  • Løn- og tilsetjingsvilkår i samvar med lov- og avtaleverk
  • Nynorsk som administrasjonsspråk

Andre opplysingar

  • Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju
  • Det er krav om godkjent politiattest etter gjeldande lovverk ved tiltredning. Attesten kan ikjke vereeldre enn tre månadar
  • Kontaktinformasjon for stillinga finn du til høgre for annonsa
  • Kommunen følgjer offentlighetslova § 25 ved eventuell offentliggjering av sækjarliste

Slik søkjer du

  • Me ber om at du søkjer elektronisk. Klikk på "send søknad" og følg vidare instruksjonar
  • Du kan logge inn via ID- porten, med brukarnamn og passord, via Facebook- profil eller søkje utan ålogge inn. Dess mer du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista
  • Me ber om at du legg ved attestar og vitnemål i søknaden. Om du ikkje har dei elektronisk kan deitakast med til intervju
  • Treng du hjelp kan du kontakte kommunen på tlf. 52 79 22 00

Velkommen som søkjar! Me ser fram til å høyra frå deg.

 

Del på:

Referansenummer:

26/328

Fylke:

  • Rogaland

Jobbtype:

Vikariat

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Skift/turnus

Søknadsfrist:

17.03.2026

Tiltreding:

01.05.2026

Arbeidsstad:

Sand

Kontaktpersonar:

Anne Egebjerg

tlf: +47 91157290

Adresse:

Nedre Dalane 41 4230 SAND

Kart: