Reinhaldsoperatør
Likar du å jobba med reinhald? Er du opptatt av å halda det reint? Er du brennande opptatt av kvalitet?
Me søkjer deg som er ute etter ein spennande arbeidskvardag, er ansvarsfull og likar å jobba med eit fysisk krevjande yrke. Du gjer ting nøye og kvalitet er viktig for deg.
Me har ledig fast stilling som reinhaldsoperatør i Kjølvikstølen barnehage frå og med 01.06.2026.
Reinhaldsavdelinga ligg under Teknisk Drift.
Barnehagen ligg midt på Ropeidhalvøya, lokalisert saman med grendehus, idrettsbane og ved sidan av Kjølvikstølen bustadfelt.
I Kjølvikstølen er det ein småbarnsavdeling og ein storbarnsavdeling.
Om stillinga:
- Stillingsstorleik: 25%
- Stillingstype: Fast
- Arbeidsstad: Kjølvikstølen barnehage
Tidlegare oppstart kan avtalast.
Arbeidsoppgåver
- Arbeidsoppgåver er dagleg og periodisk reinhald
- Arbeidet vert utført på dagtid.
Kvalifikasjonar:
- Erfaring innan reinhaldsfaget
- Fagbrev som reinhaldsoperatør.
- Andre kan og søkja men vil då bli tilsett som reinhaldar.
- Kunna arbeide sjølvstendig og trivast med å arbeide saman med andre.
- Kunna planleggja eigen arbeidsdag, vera løysingsorientert og fleksibel.
- Evne til å takle ulike utfordringar som andre kan ha
- Evne til samarbeid med andre yrkesgrupper
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
- Førerkort klasse B
Hjå oss i Suldal kommune får du:
- Gode pensjons- og forsikringsordningar igjennom KLP
- Bedriftshelseteneste
- Løn- og tilsetjingsvilkår i samsvar med lov- og avtaleverk
- Nynorsk som administrasjonsspråk
Andre opplysningar:
- Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju
- Det er krav om godkjend politiattest etter gjeldande lovverk ved tiltreding. Attesten kan ikkje vere eldre enn tre månadar
- Kontaktinformasjon for stillinga finn du til høgre for annonsa.
- Kommunen følg offentlighetslova § 25 ved eventuell offentlieggjering av søkjarliste
Slik søkjer du
- Me ber om at du søkjer elektronisk. Klikk på «send søknad» og følg vidare instruksjonar.
- Du kan logge inn via ID-porten, med brukarnamn og passord, via Facebook-profil eller søkje utan å logge inn. Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista.
- Me ber om at du legg ved attestar og vitnemål i søknaden. Om du ikkje har dei elektronisk kan dei takast med til intervju.
- Treng du hjelp, kan du venda deg til Servicetorget på tlf 52 79 22 00
Velkomen som søkjar! Me ser fram til å høyra frå deg.
Del på:
Referansenummer:
26/400
Fylke:
- Rogaland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Deltid
Arbeidstid:
Dag
Søknadsfrist:
17.04.2026
Tiltreding:
01.06.2026
Arbeidsstad:
Kjølvikstølen barnehage
Heimeside:
http://www.suldal.kommune.noAdresse:
Sandsvegen 122/ Garaneset 38 4230 Sand