Suldal kommune Suldal sjukeheim

Vil du bli ein del av laget vårt og bidra til tryggleik, meistring og livskvalitet for bebuarane våre?

Sjukepleiar

Vil du jobbe ein stad der du blir sett, inkludert og får utvikle deg fagleg? Me treng nye kollegaer som vil bli ein del av det gode arbeidsmiljøet vårt.
Me har ledig 2 faste stillingar på 100 % som sjukepleiar!
 

Våren 2025 flytta me inn i nye flotte og moderne lokaler, der alt ligg til rette for å kunne trivast!

  • Me kan love deg dyktige og engasjerte kollegaer.
  • Me har høg fagkompetanse og mykje hjartevarme.
  • Me jobbar for å gi trygg og aktiv omsorg med fokus på livskvalitet.
  • Me har årsturnus
  • Suldal kommune har gode lokale tillegg for sjukepleiarSjukepleiarar og spesialsjukepleiarar startar med løn som om dei har 8 års ansiennitet.
  • Du får eit tillegg på kr. 25.000 om du er sjukepleiar eller eit tilleg på kr. 30.000 om du har ei vidareutdanning og er spesialsjukepleiar
  • I Suldal kommune kan du få sletta opptil 25.000 kroner på studielånet i året dersom du bur her
  • Me har rekrutteringsbustadar du kan søkje på for å prøvebu i Suldal. Sjå her: Prøvebu i Suldal - Suldal kommune heimeside

Om stillinga

  • Stillingsstorleikar: 2 x 100 %
  • Stillingstype: fast
  • Turnus: arbeid kvar 3. helg
  • Oppstart: mai 2026, eller etter avtale

Ved intern omrokkering kan anna stilling verta ledig

Arbeidsoppgåver

  • Utøve omsorgsfull og fagleg forsvarleg pleie og behandling av bebuarane ved sjukeheimen.

Kvalifikasjonar

  • Autorisasjon som sjukepleiar
  • Personlege eigeskapar vil bli vektlagt
  • Evne til å arbeide for eit godt arbeidsmiljø
  • Evne til å takle andre personar sine utfordringar og å møte personar i sårbare situasjonar medtryggleik og respekt
  • Gode datakunnskapar
  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg

Hjå oss i Suldal kommune får du

  • Fagleg og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
  • Engasjerte og dyktige kollegaer
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar igjennom KLP
  • Bedriftshelseteneste
  • Løn- og tilsetjingsvilkår i samvar med lov- og avtaleverk
  • Nynorsk som administrasjonsspråk

Andre opplysingar

  • Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju
  • Det er krav om godkjent politiattest etter gjeldande lovverk ved tiltredning. Attesten kan ikjke vereeldre enn tre månadar
  • Kontaktinformasjon for stillinga finn du til høgre for annonsa
  • Kommunen følgjer offentlighetslova § 25 ved eventuell offentliggjering av sækjarliste

Slik søkjer du

  • Me ber om at du søkjer elektronisk. Klikk på "send søknad" og følg vidare instruksjonar
  • Du kan logge inn via ID- porten, med brukarnamn og passord, via Facebook- profil eller søkje utan ålogge inn. Dess mer du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista
  • Me ber om at du legg ved attestar og vitnemål i søknaden. Om du ikkje har dei elektronisk kan deitakast med til intervju
  • Treng du hjelp kan du kontakte kommunen på tlf. 52 79 22 00

Velkommen som søkjar! Me ser fram til å høyra frå deg.

Del på:

Referansenummer:

26/492

Fylke:

  • Rogaland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Skift/turnus

Sektor:

Sjukepleiar

Søknadsfrist:

04.05.2026

Tiltreding:

Mai 2026

Arbeidsstad:

Den nye sjukeheimen på Sand

Kontaktpersonar:

Elida Lillehammer Bakka

Stilling: Einingsleiar

mob: +47 97 02 99 49

Adresse:

Eidsvegen 1 4230 Sand

Kart: