Er du engasjert, likar utfordringar og kjenner ansvar for jobben? Då er det kanskje du som er vår nye sjukepleiar!
Helgestillingar
Suldal sjukeheim har ledig fleire helgestillingar, både faste og vikariat
Våren 2025 flytta me inn i nye flotte og moderne lokaler, der alt ligg til rett for å kunne trivast!
- Me kan love deg dyktige og engasjerte kollegaer
- Me har høg fagkompetanse og mykje hjartevarme
- Me jobbar for å gi trygg og aktiv omsorg med fokus på livskvalitet
- Du vil få ein unik moglegheit til å vera med på å påverka og vidareutvikla den nye sjukeheimen
- Suldal kommune har årsturnus
Om stillinga
- Stillingsstorleik: helgestillingar på 13,85
- Stillingstype: fast og vikaiat
- Stilling ledig: vår og sommar 2026
Arbeidsoppgåver
- Utøve omsorgsfull og fagleg forsvarleg pleie og behandling av bebuarane ved sjukeheimen
- Stillinga er i turnus, med arbeid 2 av 6 helger.
Kvalifikasjonar
- Er du under 18 år og går på vidaregåande skule? Me vil gjerne ha deg med på laget!
- Personlege eigenskapar vil bli vektlagt
- Evne til å arbeide for eit godt arbeidsmiljø
- Evne til å takle andre personar sine utfordringar og å møte personar i sårbare situasjonar med tryggleik og respekt
- Gode datakunnskapar
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.
Hjå oss i Suldal kommune får du
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Engasjerte og dyktige kollegaer
- Gode pensjons- og forsikringsordningar igjennom KLP
- Bedriftshelseteneste
- Løn- og tilsetjingsvilkår i samsvar med lov- og avtaleverk
- Nynorsk som administrasjonsspråk
Andre opplysningar
- Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju
- Det er krav om godkjend politiattest etter gjeldande lovverk ved tiltreding. Attesten kan ikkje vere eldre enn tre månadar
- Kontaktinformasjon for stillinga finn du til høgre for annonsa.
- Kommunen følgjer offentlighetslova § 25 ved eventuell offentlieggjering av søkjarliste
Slik søkjer du
- Me ber om at du søkjer elektronisk. Klikk på «send søknad» og følg vidare instruksjonar.
- Du kan logge inn via ID-porten, med brukarnamn og passord, via Facebook-profil eller søkje utan å logge inn. Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista.
- Me ber om at du legg ved attestar og vitnemål i søknaden. Om du ikkje har dei elektronisk kan dei takast med til intervju.
- Treng du hjelp, kan du kontakte kommunen på tlf 52 79 22 00
Velkomen som søkjar! Me ser fram til å høyra frå deg.
Del på:
Referansenummer:
26/493
Fylke:
- Rogaland
Jobbtype:
Fast
Vikariat
Heiltid/Deltid:
Deltid
Arbeidstid:
Helg
Søknadsfrist:
04.05.2026
Tiltreding:
Vår og sommar 2026
Arbeidsstad:
Den nye sjukeheimen på Sand
Kontaktpersonar:
Heimeside:
http://www.suldal.kommune.noAdresse:
Eidsvegen 1 4230 Sand