Vil du bli ein del av laget vårt og bidra til tryggleik, meistring og livskvalitet for bebuarane våre?
Helsefagarbeidar
Vil du jobbe ein stad der du blir sett, inkludert og får utvikle deg fagleg? Me treng nye kollegaer som vil bli ein del av det gode arbeidsmiljøet vårt.
Me har ledig 100 % fast stilling som helsefagarbeidar!
Me har ledig 100 % fast stilling som helsefagarbeidar!
Våren 2025 flytta me inn i nye flotte og moderne lokaler, der alt ligg til rette for å kunne trivast!
- Me kan love deg dyktige og engasjerte kollegaer.
- Me har høg fagkompetanse og mykje hjartevarme.
- Me jobbar for å gi trygg og aktiv omsorg med fokus på livskvalitet.
- Me har årsturnus
- Helsefagarbeidarar får eit tillegg på kr. 10.000 hjå oss.
- Me har rekrutteringsbustadar du kan søkje på for å prøvebu i Suldal. Sjå her: Prøvebu i Suldal - Suldal kommune heimeside
Om stillinga
- Stillingsstorleikar: 100 %
- Stillingstype: fast
- Turnus: arbeid kvar 3. helg
- Oppstart: juli 2026
Ved intern omrokkering kan anna stilling verta ledig
Arbeidsoppgåver
- Utøve omsorgsfull og fagleg forsvarleg pleie av bebuarane ved sjukeheimen.
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som helsefagarbeidar
- Personlege eigeskapar vil bli vektlagt
- Evne til å arbeide for eit godt arbeidsmiljø
- Evne til å takle andre personar sine utfordringar og å møte personar i sårbare situasjonar medtryggleik og respekt
- Gode datakunnskapar
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
Hjå oss i Suldal kommune får du
- Fagleg og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Engasjerte og dyktige kollegaer
- Gode pensjons- og forsikringsordningar igjennom KLP
- Bedriftshelseteneste
- Løn- og tilsetjingsvilkår i samvar med lov- og avtaleverk
- Nynorsk som administrasjonsspråk
Andre opplysingar
- Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju
- Det er krav om godkjent politiattest etter gjeldande lovverk ved tiltredning. Attesten kan ikjke vereeldre enn tre månadar
- Kontaktinformasjon for stillinga finn du til høgre for annonsa
- Kommunen følgjer offentlighetslova § 25 ved eventuell offentliggjering av sækjarliste
Slik søkjer du
- Me ber om at du søkjer elektronisk. Klikk på "send søknad" og følg vidare instruksjonar
- Du kan logge inn via ID- porten, med brukarnamn og passord, via Facebook- profil eller søkje utan ålogge inn. Dess mer du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista
- Me ber om at du legg ved attestar og vitnemål i søknaden. Om du ikkje har dei elektronisk kan deitakast med til intervju
- Treng du hjelp kan du kontakte kommunen på tlf. 52 79 22 00
Velkommen som søkjar! Me ser fram til å høyra frå deg.
Del på:
Referansenummer:
26/494
Fylke:
- Rogaland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Skift/turnus
Søknadsfrist:
04.05.2026
Tiltreding:
Sommaren 2026
Arbeidsstad:
Den nye sjukeheimen på Sand
Kontaktpersonar:
Heimeside:
http://www.suldal.kommune.noAdresse:
Eidsvegen 1 4230 Sand