Suldal kommune Suldal sjukeheim

Er du vår nye kjøkkenmedarbeidar på Suldal sjukeheim?

Kjøkkenassistent, helg

Kjøkkenet vårt produserer mat til sjukeheimen sine avdelingar og til heimebuande. Til saman kokar dei til om lag 60 personar dagleg. Kjøkkenet har drift alle dagar heile året, for tida berre på dagtid. Ein arbeidar i turnus med arbeid kvar tredje helg.

Om stillinga:

Suldal sjukeheim har ledig ei helgestilling som kjøkkenassistent. Arbeidstida er 10 timar frå kl. 07.00-17.00, laurdag og søndag, kvar 3.helg.

  • Stillingsstorleik: 18,78 % 
  • Stillingstype: Fast
  • Stilling ledig frå: mai 2026

Arbeidsoppgåver:

  • Førebuing av mat og måltid
  • Reinhald av kjøkken og utstyr
  • Andre oppgåver i tråd med eininga sine behov

Kompetanse:

  • Me søkjer deg som er positiv, utadvendt og har gode samarbeidsevner. 
  • Erfaring frå kjøkkenarbeid og matproduksjon.

Kvalifikasjonar:

  • Evne til å arbeida sjølvstendig og i team.
  • Evne til å halda orden og overhalda hygieniske prinsipp.
  • Meistrar norsk munnleg og skriftleg.

Hos oss i Suldal kommune får du:

  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
  • Engasjerte og dyktige kollegaer
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Bedrifthelseteneste
  • Løn- og tilsetjingsvilkår i samsvar med lov- og avtaleverk
  • Nynorsk som administrasjonsspråk

Andre opplysningar:

  • Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju
  • Kontaktinformasjon for stillinga finn du til høgre for annonsa
  • Kommunen følgjer offentlighetslova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlist

Slik søkjer du:

  • Me ber om at du søkjer elektronisk. Klikk på «send søknad» og følg vidare instruksjonar.
  • Du kan logge inn via ID-porten, med brukarnamn og passord, via Facebook-profil eller søkje utan å logge inn. Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista.
  • Me ber om at du legg ved attestar og vitnemål i søknaden. Om du ikkje har dei elektronisk kan dei takast med til intervju.

Velkommen som søkjar! Me ser fram til å høyra frå deg!

Del på:

Referansenummer:

26/487

Fylke:

  • Rogaland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Deltid

Arbeidstid:

Helg

Søknadsfrist:

03.05.2026

Tiltreding:

Mai 2026

Arbeidsstad:

Den nye sjukeheimen på Sand

Kontaktpersonar:

Elida Lillehammer Bakka

Stilling: Einingsleiar

mob: +47 97 02 99 49

Adresse:

Eidsvegen 1 4230 Sand

Kart: