Suldal kommune Overordna oppvekst

Pedagogisk leiar/Barnehagelærar

Bli ein del av pedagogane sitt Kraftlag i  barnehagane i Suldal 

Me ønskjer deg som set borna i fokus.   

Om oss:  

Suldalsbarnehagane er fem ulike barnehagar - frå mindre barnehagar, oppvekstsenter og til større einingar med over 80 plassar  - alle med sine eigne kvalitetar. Me jobbar saman mot målet: 

«Alle barn og unge i Suldal skal kvar dag oppleva meistring i eit inkluderande og trygt oppvekstmiljø som fremjar livslang læring» 

Som pedagog hos oss jobbar du tett på borna, kollegaene og lokalsamfunnet. Du ser raskt verknaden av arbeidet ditt, og du er med på å påverka kvardagen til barn og unge i Suldal. 

Er du klar?  Me treng deg! 

 

Kjølvikstølen barnehage

Einingsleiar Katarzyna Mysiara mobil 966 95 566:

  • 100% pedagog                                                                                                                         
Stølane barnehage
Einingsleiar Gerd Haugsland Kolstø mobil 976 19 129:
  • 120 % pedagog
Vinjar barnehage avdeling Nesflaten
Einingsleiar Ingvild Vold Tveiten mobil 907 60 429:
  • 100% pedagog
Sand barnehage
Einingsleiar Laila Stødle mobil 484 97 552:
  • inntil 400% pedagog.

Kven ser me etter? 

  • Du har godkjent barnehagelærarutdanning.  

  • Du planlegg og gjennomfører aktivitetar som vekker nysgjerrigheitmotivasjon og utvikling hos borna. 

  • Du bidreg til eit inkluderande og støttande miljø. Du jobbar for at alle born blir sett og får støtte til å utvikla seg. 

  • Du er god på å variere metodar og er løysingsorientert, slik at ulike behov blir møtt. 

  • Du samarbeider godt med kollegaer, føresette og andre. 

  • Du er engasjert i borna sin kvardag og deltek aktivt i barnehagen sine faglege og sosiale aktivitetar. Du tenker at saman skapar me eit positivt barnehagemiljø. 

  • Personar med andre kvalifikasjonar kan søkje og blir vurderte/ukvalifisert blir tilsett som Barnehagelærar.

Kraftlaget – kva får du hos oss? 

Arbeidsmiljø 

Velferdsutvalet arrangerer fast sommarfest, kom-i-form-konkurransar, og fjellturar. Dei arrangerer og andre samlingar innimellom, og du kan då blant anna bli med på middag, kurs, kino eller foredrag. 

Dette er frivillige aktivitetar, men gir gode moglegheiter for å bli kjent med kollegaer i heile Kraftlaget. 

Fleksibilitet og kvardagsliv 

Me gir ekstra lønnstillegg til pedagogar og prøver å vere fleksible for tilsette med faste arbeidsplanar, særleg ved behov knytt til familie og livssituasjon. 

  • Pedagogisk leiar i barnehage under 10 års ansiennitet: 30 000 kroner 

  • Pedagogisk leiar i barnehage 10 års ansiennitet: 32 000 kroner 

  • Pedagogisk leiar i barnehage 16 års ansiennitet: 37 000 kroner 

Utviklingsmoglegheiter 

Me har ordningar for vidareutdanning og kompetanseheving, både internt og gjennom regionale fagnettverk. 

Bu i Suldal 

Dersom du bur i Suldal kan du få sletta deler av studielånet ditt. Du kan og pøvebu i ein av våre nye rekrutteringsbustadar. 

Hjå oss i Suldal kommune får du: 

  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø 

  • Engasjerte og dyktige kollegaer 

  • Bedriftshelseteneste 

  • Gode løns- og tilsetjingsvilkår over tariff 

  • Nynorsk som administrasjonsspråk 

  • Høve til innmelding i lokalt kunstlag for fast tilsette 

Andre opplysningar: 

  • Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju 

  • Det er krav om godkjend politiattest etter gjeldande lovverk ved tiltrede. Attesten kan ikkje vere eldre enn tre månadar 

  • Kontaktinformasjon for stillinga finn du til høgre for annonsa 

  • Kommunen følgjer offentlighetslova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarliste 

 

Velkommen som søkjar! Me ser fram til å høyra frå deg!

Del på:

Fylke:

  • Rogaland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

14.05.2026

Tiltreding:

20.08.2026

Arbeidsstad:

Suldal kommune

Kontaktpersonar:

Gerd Haugsland Kolstø

Stilling: Einingsleiar

mob: +47 976 19 129

Ingvild Vold Tveiten

Stilling: Einingsleiar

mob: +47 90760429

Katarzyna Mysiara

Stilling: Einingsleiar

mob: +47 966 95 566

Laila Stødle

Stilling: Einingsleiar

mob: +47 484 97 552

Tore Bastlien Dahl

Stilling: Rådgjevar oppvekst

mob: +47 40418959

Adresse:

Eidsvegen 7 4230 Sand

Kart: