Suldal kommune Overordna oppvekst

Bli ein del av Kraftlaget i barnehage og skule

Barne- og ungdomsarbeidar 2. gongs utlysing

Me ønskjer deg som set borna i fokus.   

Om oss: 

Oppvekstsektoren i Suldal består av barnehagar og skular, kvar med sine kvalitetar - frå mindre barnehagar og skular, oppvekstsenter og til større einingar med over 80 barnehageplassar og over 250 elevar. Me jobbar saman mot målet:  

«Alle barn og unge i Suldal skal kvar dag oppleva meistring i eit inkluderande og trygt oppvekstmiljø som fremjar livslang læring» 

Som fagarbeidar hos oss jobbar du tett på borna, kollegaene og lokalsamfunnet. Du ser raskt verknaden av arbeidet ditt, og du er med på å påverka kvardagen til barn og unge i Suldal.  

Er du klar?  Me treng deg!  

Me har behov på følgande einingar:

Kjølvikstølen barnehage 200% vikariat

Marvik skule inntil 90% vikariat

Jelsa oppvekstsenter inntil 80% vikariat

  

Kven ser me etter?  

  • Du har godkjent utdanning som barne og ungdomsarbeidar.  Personar med andre kvalifikasjonar kan søkje og blir vurderte.

  • Du planlegg og gjennomfører aktivitetari samarbeid med kolleger som vekker nysgjerrigheit, motivasjon, utvikling og læring hos borna.  

  • Du bidreg til eit inkluderande og støttande miljø. Du jobbar for at alle born blir sett og får støtte til å utvikla seg.  

  • Du er god på å variere metodar og er løysingsorientert, slik at ulike behov blir møtt.  

  • Du samarbeider godt med kollegaer, føresette og andre.  

  • Du er engasjert i borna sin kvardag og deltek aktivt i eininga sine faglege og sosiale aktivitetar. Du tenker atsamanskapar me eit positivt miljø.  

Kraftlaget – kva får du hos oss?  

Arbeidsmiljø  

Velferdsutvalet arrangerer fast sommarfest, kom-i-form-konkurransar, og fjellturar. Dei arrangerer og andre samlingar innimellom, og du kan då blant anna bli med på middag, kurs, kino eller foredrag.  

Dette er frivillige aktivitetar, men gir gode moglegheiter for å bli kjent med kollegaer i heile Kraftlaget.  

Fleksibilitet og kvardagsliv 

Me gir ekstra lønnstillegg til pedagogar og prøver å vere fleksible for tilsette med faste arbeidsplanar, særleg ved behov knytt til familie og livssituasjon.  

Utviklingsmoglegheiter 

Me har ordningar forvidareutdanning og kompetanseheving, både internt og gjennom regionale fagnettverk.  

Bu i Suldal 

Dersom du bur i Suldal kan du få sletta deler av studielånet ditt. Du kan og prøvebu i ein av våre nyerekrutteringsbustadar.  

Hjå oss i Suldal kommune får du:  

  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø  

  • Engasjerte og dyktige kollegaer  

  • Bedriftshelseteneste 

  • Gode løns- og tilsetjingsvilkår over tariff  

  • Nynorsk som administrasjonsspråk  

  • Høve til innmelding i lokalt kunstlag for fast tilsette  

Andre opplysningar:  

  • Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju  

  • Det er krav om godkjend politiattest etter gjeldande lovverk ved tiltrede. Attesten kan ikkjevere eldre enn tre månadar 

  • Kontaktinformasjon for stillinga finn du til høgre for annonsa 

  • Kommunen følgjer offentlighetslova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarliste 

 

Velkommen som søkjar! Me ser fram til å høyra frå deg! 

Del på:

Referansenummer:

26/642

Fylke:

  • Rogaland

Jobbtype:

Vikariat

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

14.06.2026

Tiltreding:

01.08.2026

Arbeidsstad:

Suldal kommune

Kontaktpersonar:

Anne-Kate Ellingsen

Stilling: Einingsleiar

mob: +47 91198885

Britt Elin Håranes

Stilling: Einingsleiar

mob: +47 40482226

Katarzyna Mysiara

Stilling: Einingsleiar

mob: +47 966 95 566

Tore Bastlien Dahl

Stilling: Rådgjevar oppvekst

mob: +47 40418959

Adresse:

Eidsvegen 7 4230 Sand

Kart: