Bli ein del av pedagogane sitt Kraftlag i barnehagane i Suldal
Pedagogisk leiar i Vinjar barnehage avdeling Nesflaten
Me ønskjer deg som set borna i fokus.
Om oss:
Suldalsbarnehagane er fem ulike barnehagar - frå mindre barnehagar, oppvekstsenter og til større einingar med over 80 plassar - alle med sine eigne kvalitetar. Me jobbar saman mot målet:
«Alle barn og unge i Suldal skal kvar dag oppleva meistring i eit inkluderande og trygt oppvekstmiljø som fremjar livslang læring»
Som pedagog hos oss jobbar du tett på borna, kollegaene og lokalsamfunnet. Du ser raskt verknaden av arbeidet ditt, og du er med på å påverka kvardagen til barn og unge i Suldal.
Er du klar? Me treng deg!
Vinjar barnehage avd. Nesflaten
Einingsleiar Ingvild Vold Tveiten mobil 90760429:
- 100% pedagog
Kven ser me etter?
- Du har godkjent barnehagelærarutdanning.
- Du planlegg og gjennomfører aktivitetar som vekker nysgjerrigheit, motivasjon og utvikling hos borna.
- Du bidreg til eit inkluderande og støttande miljø. Du jobbar for at alle born blir sett og får støtte til å utvikla seg.
- Du er god på å variere metodar og er løysingsorientert, slik at ulike behov blir møtt.
- Du samarbeider godt med kollegaer, føresette og andre.
- Du er engasjert i borna sin kvardag og deltek aktivt i barnehagen sine faglege og sosiale aktivitetar. Du tenker at saman skapar me eit positivt barnehagemiljø.
Kraftlaget – kva får du hos oss?
Arbeidsmiljø
Velferdsutvalet arrangerer fast sommarfest, kom-i-form-konkurransar, og fjellturar. Dei arrangerer og andre samlingar innimellom, og du kan då blant anna bli med på middag, kurs, kino eller foredrag.
Dette er frivillige aktivitetar, men gir gode moglegheiter for å bli kjent med kollegaer i heile Kraftlaget.
Fleksibilitet og kvardagsliv
Me gir ekstra lønnstillegg til pedagogar og prøver å vere fleksible for tilsette med faste arbeidsplanar, særleg ved behov knytt til familie og livssituasjon.
- Pedagogisk leiar i barnehage under 10 års ansiennitet: 30 000 kroner
- Pedagogisk leiar i barnehage 10 års ansiennitet: 32 000 kroner
- Pedagogisk leiar i barnehage 16 års ansiennitet: 37 000 kroner
Utviklingsmoglegheiter
Me har ordningar for vidareutdanning og kompetanseheving, både internt og gjennom regionale fagnettverk.
Bu i Suldal
Dersom du bur i Suldal kan du få sletta deler av studielånet ditt. Du kan og pøvebu i ein av våre nye rekrutteringsbustadar.
Hjå oss i Suldal kommune får du:
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Engasjerte og dyktige kollegaer
- Bedriftshelseteneste
- Gode løns- og tilsetjingsvilkår over tariff
- Nynorsk som administrasjonsspråk
- Høve til innmelding i lokalt kunstlag for fast tilsette
Andre opplysningar:
- Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju
- Det er krav om godkjend politiattest etter gjeldande lovverk ved tiltrede. Attesten kan ikkje vere eldre enn tre månadar
- Kontaktinformasjon for stillinga finn du til høgre for annonsa
- Kommunen følgjer offentlighetslova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarliste
Velkomen som søkjar! Me ser fram til å høyra frå deg.
Del på:
Referansenummer:
26/710
Fylke:
- Rogaland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Dag
Søknadsfrist:
03.07.2026
Tiltreding:
17.08.2026
Arbeidsstad:
Suldal kommune
Kontaktpersonar:
Stilling: Einingsleiar
mob: +47 90760429
Stilling: Rådgjevar oppvekst
mob: +47 40418959
Heimeside:
https://www.suldal.kommune.no/Adresse:
Eidsvegen 7 4230 Sand