Suldal kommune Suldal heimeteneste

Vikariat som avdelingsleiar i heimesjukepleien

Heimetenestene i Suldal kommune søkjer vikar som avdelingsleiar for heimesjukepleien i 100 % stilling, i perioden frå snarast og fram til 31.08.2027. Unde heimesjukepleien ligg også praktisk bistand og dagsenterdrift. Avdelingsleiar har personal- og fagleg ansvar for tilsette i avdelinga, og er ein sentral del av leiargruppa i eininga. Interne vert oppmoda til å søkje, og kvalifikasjonsprisippet vert fulgt.

Om oss

Suldal heimetenester er den største kommunale eininga i Suldal og er delt i to hovudavdelingar - Heimesjukepleien (inkl Praktisk bistand og Dagsenterdrift) og Psykisk helse (inkl  ROP-teneste, tildelingskontor, Demenskoordinator, ergoterapeut, Barne-og familieteam og Barnekoordinator). Me er om lag 80 tilsette fordelt på omlag 55 årsverk. Me yt tenester til innbyggjarar i alder 0 - 100 år +, heile døgnet, og har tenestemottakarar i heile kommunen. Me er engasjerte og framtidsretta, og jobbar etter arbeidsmetodar som fokuserer på «Gode pasientforløp».

 

Arbeidsoppgåver

•     Personalansvar for dei tilsette i avdelinga.

•     Dagleg drift i avdelinga.

•     Oppfølging av sjukemelde

•     HMS-oppfølging/ansvarleg i avdelinga; ansvar for arbeidsmiljø og arbeidsforhold

•     Medarbeidarsamtalar i avdelinga.

•     Ansvar for at det skjer fagleg utvikling i avdelinga, herunder å planlegge og kalle inn til internundervisning, halde oversikt over kompetansebehov, og samarbeide tverrfagleg ved behov, både internt og eksternt.

•     Opplæring av nytilsette – avklare opplæringstider og bruke «opplæringshefte for nytilsette».

•     Turnusarbeid

•     Følgje opp satsingsområda for heimetenesta, jf. Gode pasientforløp, kvardagsrehabilitering, velferdsteknologi og andre tiltak som bidrar til auka sjølvstende i eigen heim.

•  Ta medansvar for organisering innflytting  og drift av Vinjarheim bukollektiv

 

Kvalifikasjonar

•     Autorisasjon som sjukepleiar, eventuelt annan relevant helse- og sosialfagleg høgskuleutdanning.

•     Relevant erfaring frå heimetenesta eller annan kommunal helse- og omsorgstjeneste.

•     Erfaring med leiing, koordinering eller fagansvar er ein fordel.

•     Kjennskap til turnusplanlegging og arbeidstidsbestemmelser.

•     God digital kompetanse, gjerne erfaring med elektronisk journalsystem.

•     Gode norskkunnskapar, muntleg og skriftleg.

•     Politiattest må leggast fram før tilsetjing, jf. krav i helse- og omsorgstenestelovgivinga.

 

Vi søkjer deg som

•     Er tydeleg og trygg i leiarrolla, og god på å byggje relasjonar.

•     Har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner.

•     Er strukturert, løysingsorientert og handlekraftig.

•     Kan arbeide sjølvstendig og ta initiativ i ein hektisk arbeidsdag.

•     Har interesse og engasjement for fagleg utvikling og kvalitetsarbeid.

 

Vi tilbyr

•     Spennande og utviklande leiaroppgåver i eit godt fagmiljø.

•     Løn etter avtale / gjeldande tariffavtale.

•     Gode pensjons- og forsikringsordningar.

•     Ein arbeidsplass med fokus på tverrfagleg samarbeid og fagleg utvikling.

•     Ein del av ei engasjert leiargruppe i eininga.

 

Slik søkjer du:

  • Me ber om at du søkjer elektronisk. Sjå her korleis du går fram for å søkje. 
  • Vedlegg: CV, relevante vitnemål og attestar må leggjast ved søknaden. Vitnemål og attestar må lastast opp som vedlegg, og vil bli brukt ved eventuelt intervju.
  • Treng du hjelp, kan kontakte kommune på tlf 52 79 22 00.

Del på:

Fylke:

  • Rogaland

Jobbtype:

Vikariat

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Sektor:

Sjukepleiar

Søknadsfrist:

24.09.22026

Tiltreding:

Snarast, etter avtale

Arbeidsstad:

Suldal heimeteneste

Adresse:

Bjødnateigvegen 21 4230 SAND

Kart: